Hjem
Utdanning
erasmus+

EBS Universität für Wirtschaft und Recht og Det juridiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByWiesbaden
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på masterstudiet i rettsvitskap som på tidspunkt for utreise har fullført alle emna i studieprogrammet til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

I Master i rettsvitskap-studiet kan du reise på utveksling på femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår. Du kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "kven kan søke" finn du informasjon om korvidt du må vere ferdig med fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråket er tysk. Programmet er på engelsk på haustsemesteret, mens emne er på tysk på vårsemesteret. Universitetet har tilbod om tyskkurs for utvekslingsstudentar. Dette finn du opplysningar om på denne nettsida.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. Opplysningar om rettsvitskaplege emne finn du på nettsida om EBS Law Term i "Transnational Commercial Law" for haustsemesteret. For vårsemesteret, følgjer du programmet på tysk.

Vertsuniversitetet nyttar ECTS-systemet, og ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

EBS University for business and law (EBS) er eit privat forskingsuniversitet som vart grunnlagt in 1971, då med namnet European Business School. I 2010 vart fakultetet for juss grunnlagt, og med det fekk institusjonen universitetsstatus. Det er eit relativt lite universitet, med kring 1 500 studentar, og hovudcampus for juss ligg i Wiesbaden.

Wiesbaden er hovudstaden i delstaten Hessen i den sørvestlege delen av Tyskland. Byen har nær 300 000 innbyggarar og ligg ved den austlege breidda av Rhinen, ikkje langt frå munninga av elva Main.

Bustad

Bustadskontoret ved EBS kan gje råd og tips når det gjeld å finne bustad.

Semesterinndeling

EBS Law term vert tilbode i det som tilsvarar det norske haustsemesteret; september-desember. Dersom ein vil studere her i vårsemesteret (januar-mai), må ein studere på tysk.

Informasjon