Hjem
Studentsider
erasmus+

Estonian Academy of Arts og Fakultet for kunst, musikk og design (ERASMUS+)

  • LandEstland
  • ByTallinn
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelor- og masterprogramma i kunst og design. Det er eit krav at du må tatt minst 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar i kunst er det mogleg å reise på utveksling i 3. og/eller 4. semester. For bachelorstudentar i design er det mogleg å reise på utveksling i 4. semester. For masterstudentar er 2. semester best eigna for utveksling. Ta kontakt med hovudrettleiar om du er usikker på når det passar best.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Frie studiepoeng - du kan velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Estonian Academy of Arts, og kalla EKA, vart etablert i 1914. EKA er det einaste offentlege universitetet i Estland som tilbyr høgare utdanning innan kunst, design, arkitektur, media, visuelle studiar og kunsthistorie. Universitetet har kring 1 000 studentar. Estonian Academy of Arts har fire fakultet. Fakultet for arkitektur, fakultetet for design, fakultetet for kunst og fakultetet for kunst og kultur.

Tallinn er hovudstaden og den største hamnebyen i Estland. Tallinn ligg heilt nord på den baltiske halvøya, 80 km sør for Helsingfors. Her er det omlag 435 000 innbyggarar. Byen er ein av Nord-Europas best bevarte middelalderbyar. Byens gamleby, Vanalinn, vart oppført på UNESCOs verdsarvliste i 1997.

Studentrapportar

2021

Vår 2021 - BA kunst

Vår 2021 - BA kunst

22.01.2021 - 18.06.2021

Førebuingar/praktiske tips

jeg ville vælge ikke at bo på Muusa studentkollegiet, da der er lidt institutionelt.

Undervisningsformer

flere kurser end på KMD, men også mere traditionelt

Vurdering av emnetilbodet

gode kurser, men vær opmærksom på at vælg på dem i rette tid

Fagleg utbyte og språk

noget på estisk og engelsk

Universitetsområdet og byen

dejlig! tallinn er virkeligt hyggelig

Bustad

jeg fandt en bolig ved gamle by, det var fint, og man kan finde ganske billige hybler

Sosialt miljø

virkeligt godt, det bedste ved udvekslingen!

Informasjon