Hjem
Studentsider
erasmus+

Savonia University of Applied Sciences og Institutt for design (ERASMUS+)

  • LandFinland
  • ByKuopio
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelorprogrammet i design. Det er eit krav at du må tatt minst 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar i design er det mogleg å reise på utveksling i 4. semester.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Frie studiepoeng - du kan velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

For bachelorstudentar i design er det mogleg å reise på utveksling i 4. semester.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Savonia University of Applied Sciences er eit av dei større universiteta i Finland med omkring 6000 studentar. Universitetet har campus i Kuopio, Iisalmi og Varkaus, der Kuopio er det største. Universitetet har eit Open ivvovation space (OIS)-tankesett som kombinerer læring, utvikling, forsking og undervisning i eit arbeidslivsorientert miljø. Savonia tilbyr rundt 30 bachelorprogram og ni masterprogram, blant anna innanfor studieretninga business, kultur, musikk, dans, helsefag og ingeniør.

Kuopio er ein finsk by og kommune som ligg i regionen Nord-Savonia. Byen har ein befolkning på rundt 120 000. Kuopio er kjent som ein av de viktigaste studiebyene og senteret for attraksjon og vekst. Byen befinner seg mellom to store innsjøar i Finlands Lakeland-område. Kuopio er spesielt kjent som heimstad for Kalakukko, ein tradisjonell fiskerett frå Savonia. Kvar juli blir verdsmeisterskapen i konebering arrangert i Kuopio.

Informasjon