Hjem
Vestlandslegen

Legeutdanning i Noreg - Vestlandslegen som satsing ved UiB

Hovedinnhold

Talet på studieplassar i medisin i Noreg har hatt ein svak vekst over mange år, og legebehov og legedekning i Noreg tilsier at talet på studieplassar i medisin i eit nasjonalt perspektiv må aukast.  

Det medisinske fakultet ved UiB starta tidleg planlegginga av sitt moglege bidrag i ei eventuell nasjonal auke i talet på studieplassar, med ein grunnidé om å utvikle og utvide samarbeidet om medisinutdanninga som allereie eksisterer på Vestlandet. 

Studiemodell Vestlandslegen var UiB sitt innspel til Grimstadutvalet sine tilrådingar til Kunnskapsdepartementet om å auke  utdanningskapasiteten i dei norske medisinutdanningane. Planane for Vestlandslegen inneber ein regional studiemodell der dei tre første åra skal gjennomførast i Bergen, deretter tre år i Stavanger, Haugesund eller Førde, slik at ressursar og kompetanse på heile Vestlandet kan byggast ut og takast i bruk i medisinutdanninga. Modellen baserer seg på ein opptrappingsplan for mot 120 studieplassar over flere år.  

Frå studieåret 2020-2021 blei Universitetet i Bergen tildelt 20 nye studieplassar i medisin, og disse plassane blir no planlagt som starten av Vestlandslegen. I første omgang skal dei 20 studentane  følgje det eksisterande profesjonsstudiet i medisin i Bergen dei tre første åra av studiet (Medisin 2015). Dei tre siste åra skal gjennomførast i Stavanger-regionen.  

I juni 2020 signerte Universitetet i Bergen og Stavanger Universitetssjukehus ein intensjonsavtale om samarbeid om Vestlandslegen. Eit føreslått premiss for desse studieplassane er at det skal utviklast eit trepartssamarbeid mellom Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger og Stavanger universitetssjukehus om deler av undervisinga. 

Etter kvart som studiemodellen blir bygt ut med fleire studieplassar, vil det bli etablert tilsvarande tilbud i Haugesund og Førde. Maksimaltal for studentar ved kvar studiestad er ennå ikkje  bestemt.