Kontakt:

Fagkoordinator
Hans-Jakob Ågotnes

E-post: Hans-Jakob.Agotnes@ahkr.uib.no
tlf.: 55 58 22 08

Studierettleiar
Elisabeth Aase Sæther

E-post: Elisabeth.Sether@ahkr.uib.no
tlf. 55 58 30 29


Kompetanseoversikt

Kulturvitskap er arvtakaren etter bergensvarianten av etnologi og folkloristikk, som vart etablert i 1972 med Etno-folkloristisk institutt. Sentralt i desse faga stod studiet av folkeleg kultur og tradisjon. Faga hadde tidlegare vore prega av idear om at folkekulturen høyrde fortida til, men i det nyetablerte instituttet var det samtidskulturen som stod i sentrum, og tradisjon vart forstått som levande forteljemåtar, ikkje som overleverte forteljingar. Med eit aukande fokus på samtidsstudiar, vart det gjort eit banebrytande arbeid for å utvikla kvalitativ metode basert på feltarbeid og intervju.

Det fleirfaglege studiet kulturvern og kulturformidling kom seinare til, og i 1999 vart dei tre søsterfaga slått saman til kulturvitskap. Folkeleg kultur i det moderne samfunnet er kjernen i faget. Kulturvitskap er studiet av dei førestillingar og verdiar, samt dei materielle og sosiale kategoriane som vi kommuniserer til andre og som gir meining til våre liv. I sentrum for faget står kvardagslivets kultur, forstått som den daglegdagse, sjølvsagte og ofte utematiserte meiningsproduksjonen som utgjer ein viktig del av det vi tar for gitt. Faget tilbyr teoretiske og metodiske føresetnader for å forstå mennesket både som kulturberande og kulturskapande aktør. Tematisk samlar undervising og forsking seg om kulturarv og tradisjon, kjønn og kultur, etnisitet, populærkultur, folkeleg religiøsitet og folkemedisin og kulturell kommunikasjon i museum og festivalar.

A

Haci Akman's picture

Haci Akman

Førsteamanuensis
+47 55582232
Haci.Akman@ahkr.uib.no

F

Peter Forrás

Stipendiat
+47 55589438
Peter.Forras@ahkr.uib.no

G

Nils Gilje's picture

Nils Gilje

Professor
+47 55582244
+47 97612008
Nils.Gilje@ahkr.uib.no

R

Connie Reksten

Førsteamanuensis
+47 55589430
+47 92489697
Connie.Reksten@ahkr.uib.no
Eva Reme's picture

Eva Reme

Førsteamanuensis
+47 55582215
Eva.Reme@ahkr.uib.no

S

Å

Hans-Jakob Ågotnes's picture

Hans-Jakob Ågotnes

Førsteamanuensis
+47 55582208
Hans-Jakob.Agotnes@ahkr.uib.no