Kontakt:

Fagkoordinator:
Dag Øistein Endsjø, professor
e-post: Dag.Endsjo@ahkr.uib.no
tlf.: 55 58 23 55

Studierettleiar:
e-post: studierettleiar@ahkr.uib.no


Kompetanseoversikt

Religionsvitskap

Religion handlar om det meste mellom himmel og jord. På same måte er religionsvitskapen på alle måtar eit allsidig og omfattande fag. Religion er vevd inn i kunst og politikk, familieliv og krigføring, økonomi og lovgjeving, etikk og underholdning, arbeid og vitskap. Det er eit samanliknande, krysskulturelt fag og eit historisk fag som utforskar lange linjer i religionane. Studieobjektet er institusjonelle religionar og religiøse førestillingar i alle deler av verda til alle tider. Religionsvitskap bygger på og brukar eit mangfald av ulike vitskapelige teoriar og metodar innan både humanistiske og samfunnsvitskaplige fag, mellom anna frå filologi, historie, sosiologi, antropologi, jus og psykologi.

I all religionsvitskap vil mennesket på ein eller annen måte utgjere sentrum i religionen, ettersom det er gjennom studiet av menneske og ting som menneska har skapt – ikkje minst tekstarm – at vi kan nærme oss religion med det uavhengige, analytiske blikket til forskinga. Religionsvitskap undersøker menneska sine verdsbilete og forståingar av røynda – ikkje om dette er objektivt sant eller ikkje. Faget er derfor i sin essens verken religiøst eller antireligiøst.

Religionens språk er ofte eit maktspråk der samfunnsorden og familieforhold, inkludert kjønn og seksualitet, gis ei kosmisk grunngjeving. Religion kan både tene verdsleg herskarmakt og grunngje motstand og maktskiftar. Den globaliserte verda vår skapar behov for betre og oppdaterte kunnskapar om religion og ikkje minst tenking om korleis politiske styresmakter og andre skal handtere religiøst mangfald. Dette gjer religionsvitskap til eit høgaktuelt fag.

Nyhendebrevet Communitas

Det var fleire alumni frå religionsvitskap som meldte frå om at dei ynskte seg oppdateringar frå fagmiljøet i Bergen. Fagmiljøet lanserte difor eit eige nyheitsbrev for alumni, og det kjem ut to gongar i semesteret. Dersom ein ynskjer å halde kontakt med fagmiljøet, og samstundes skaffe seg siste nummer av Communitas, kan ein registrere seg på UiB sin alumnusportal og bli med i religionsvitskap si gruppe der.

Første utgåve: Communitas 1-12 (PDF, 4 MB)
Andre utgåve: Communitas 1-13 (PDF 3 MB)

A

Bengt-Ove Andreassen

Førsteamanuensis II
+47 90914514
Bengt-Ove.Andreassen@ahkr.uib.no
Knut Aukland's picture

Knut Aukland

Stipendiat
+47 47298662
Knut.Aukland@ahkr.uib.no

E

J

L

N

Richard Johan Natvig's picture

Richard Johan Natvig

Førsteamanuensis
+47 55589439
+47 41554903
Richard.Natvig@ahkr.uib.no

R

Håkan Rydving

Professor
+47 55582447
Hakan.Rydving@ahkr.uib.no

V

Marie Von der Lippe

Førsteamanuensis
+47 55582445
Marie.Lippe@ahkr.uib.no