Hjem

Ansattsider

Erasmus+ undervisningsmobilitet

Undervisningsmobilitet er eit tiltak innan Erasmusprogrammet som alle som underviser ved norske høgre utdanningsinstitusjonar kan nytte seg av.

Dette gjeld også for stipendiatar og postdoktorar som er tilsette ved UiB. Undervisningsmobilitet gjev gode moglegheiter til å knyte og oppretthalde kontakt med utanlandske kollegaer og lærestader i EU-landa i tillegg til Island, Lichtenstein, Makdedonia og Tyrkia.

Formelle krav
Undervisninga kan vere av ulik form, anten som førelesingar, seminar eller ein-til-ein-undervisning/rettleiing. Det er likevel eit krav at all undervisninga, minst åtte timar, skjer på staden (og altså ikkje på e-post eller liknande). Mobiliteten må vere basert på ein Erasmus+ avtale mellom UiB og vertsuniversitetet, og partneruniversitetet må på førehand ha gjort klart kva undervisingsprogram læraren er ansvarleg for. Det er sendeinsitusjonen som vel ut lærarane som skal delta. Opphaldet må vare i minimum to dagar utanom reise, og det må undervisast i minimum åtte timar. Dersom ein er ut i fleire veker, må det undervisast i minimum åtte timar kvar veke. Maks lengde på opphaldet er to månader, men normalt vil ein ikkje få erasmusstøtte for meir enn ei arbeidsveke (5 dagar).

Før utreise må den tilsette ha ei avtale med hovudmål og venta resultat av opphaldet, samt eit program for mobilitetsperioden (Mobility Agreement, mal lenger nede på sida). Denne avtala skal signerast av både sender- og mottakarinstitusjon før ansattutvekslinga startar.

Avtaleuniversitet
Oversikt over avtaler UiB har om lærarutveksling gjennom Erasmus finn du her.


Søknadsfristar
Det er to søknadsfristar i året ved Universitetet i Bergen: 20. august og 20. januar.

Ta kontakt med administrasjonen på ditt institutt/fakultet dersom du ønskjer å reise på Erasmus undervisningsopphald. Søknaden må kome frå leiar ved instituttet/fakultetet og blir å sende til Erasmus institusjonskoordinator, Studieadministrativ avdeling, i ePhorte. Ein kan bruke Mobility Agreement (under), utfylt og signert av alle partar, som søknad. Utgifter utover Erasmusstipendet må dekkjast av institutt/fakultet.

Europakommisjonen sin reisekalkulator skal nyttast for å finne reiseavstand:
http://ec.europa.eu/programmes/erasmus-plus/tools/distance_en.htm

Erasmusstipendet
Stipendet tildeles etter satsar for opphald og reise etter kva land i Europa du reiser til:

Vertsland og sats for opphald
Danmark, Irland, Nederland, Sverige, UK: 112 € per dag
Austerrike, Belgia, Bulgaria, Finland, Frankrike, Hellas, Island, Italia, Kypros, Liechtenstein, Luxemburg, Polen, Romania, Tsjekkia, Tyrkia, Ungarn: 98 € per dag
Latvia, Makedonia, Malta, Portugal, Slovakia, Spania, Tyskland: 84 € per dag
Estland, Kroatia, Litauen, Slovenia: 70 € per dag

Reisesatsar
Reiseavstand mellom 100 og 499 km: 180 € per deltakar
Reiseavstand mellom 500 og 1999 km: 275 € per deltakar
Reiseavstand mellom 2000 og 2999 km: 360 € per deltakar
Reiseavstand mellom 3000 og 3999 km: 530 € per deltakar
Reiseavstand mellom 4000 og 7999 km: 820 € per deltakar
8000 km eller lenger: 1100 € per deltakar

Stadfesting og rapport etter opphaldet
For at det skal kunne betalast ut Erasmus-midlar etter ei utveksling må følgande dokumentasjon ligge føre:

Utvekslingsavtale (Mobility agreement)

Stadfesting på undervisningsmobilitet

Signert stipendavtale

Reiserekning

Rapport

Rapporten skal leverast via ei lenke som blir sendt frå EU-kommisjoen til e-postadressa di, etter endt utveksling.

Reiserekning skal leverast på vanleg måte til ditt institutt/fakultet i pagaweb, saman med kvitteringane. Studieadministrativ avdeling vil deretter overføre det tildelte stipendet til instituttet/fakultetet etter at dokumentene nemd over er levert til Erasmuskoordinator.