Gå til innhold
English A A A

Studieplan for integrert masterprogram i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen


Vedteken av fakultetsstyret 16. juni 2011. Gjelder fra 15.08.2011.

Programnamn:
Integrert masterprogram i rettsvitskap.

Grad:
Master i rettsvitskap. Graden gir rett til tilsvarande tittel. Vitnemål vert utferda når graden er oppnådd. Det er eit vilkår for tildeling av graden at kandidaten gir følgjande løfte (kandidatløftet):

”Aldrig vidende at ville vige fra Ret og Retfærdighed, mindre raade nogen til ufornødne Processer eller i andre Maader med sine Raad befordre nogen uretvis Sag eller Intention.”

Omfang:
300 studiepoeng. Normert studietid er fem år.

Undervisningsspråk:
Norsk. Enkeltemne kan ha undervisning på eit skandinavisk språk eller engelsk.

Studiestart:
Kvar haust.

Mål og Innhald:
Masterstudiet i rettvitskap ved Universitetet i Bergen er på til saman 300 studiepoeng (fem årseiningar). I dette inngår examen philosophicum med 10 studiepoeng og examen facultatum med 10 studiepoeng, spesialemne på til saman 30 studiepoeng, og eit sjølvstendig skriftleg arbeid på normalt 30 studiepoeng (masteroppgåve). Etter søknad kan masteroppgåva vere på 60 studiepoeng.

Oppbygging:
Studiet byggjer på problembasert læring. Dei to første åra er studentane delte inn i arbeidsgrupper leia av ein vidarekomen student, som møtast kvar veke for å løyse ei gitt oppgåve. På tredje året er gruppene frivillige og sjølvstyrte. Kvar enkelt student skal skrive eit sjølvstendig svar som dei får tilbakemeldingar på. Det er krav om å kommentere medstudentane sine oppgåvesvar.

På fjerde eller femte studieåret kan ein velje emne etter eigne interesser. Ein skal også skrive ei masteroppgåve basert på ei juridisk problemstilling. I løpet av denne perioden har ein høve til å reise på studieopphald i utlandet.

Det første semesteret går ex.phil. og ex.fac. parallelt fram til oktober/november. Vi gjer merksam på at studentar som har examen philosophicum og examen facultatum frå før, får berre 10 studiepoeng i haustsemesteret. Emnet i forvaltingsrett I byrjar i månadsskiftet oktober/november og endar med eksamen i januar. 

Læringsutbytte:
Ein kandidat med mastergrad i rettsvitskap frå Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen skal:

  • kunne gjere greie for, og bruke riktig, eit betydeleg tilfang av juridiske omgrep, verdiar, reglar og prinsipp i norsk rett og også innanfor internasjonale juridiske system
  • vise gjennom bruk i gitte situasjonar at grunnleggjande materielle kunnskapar, innan dei ulike fagområda i studiet, held ein akseptabel kvalitet
  • kunne bruke anerkjend juridisk metode til å analysere komplekse juridiske problemstillingar, her under drøfte, argumentere og sjølvstendig ta standpunkt til problemløysinga
  • kunne forfatte sine løysingsforslag i ulike teksttypar og i munnleg framføring
  • kunne gjere greie for rettspolitiske vurderingar knytt til gitte juridiske problem
  • kunne forklare yrkesetiske sider ved profesjonsutøvinga
  • kunne tileigne seg ny juridisk kunnskap ut over det lærestoffet som inngår i studiet, og bruke denne kunnskapen i løysing av juridiske problemstillingar
  • gjennom masteroppgåva demonstrere evne til å analysere ei sjølvformulert juridisk problemstilling, gjennomføre sjølvstendig innsamling og evaluering av relevant grunnlagsmateriale, og presentere konklusjonen i ein akademisk tekstform
  • kunne arbeide i gruppe med andre som ein deltakar som bidrar aktivt til gruppa si løysing av juridiske problem

Opptakskrav:
Opptak til studiet skjer via Samordna opptak. Jf. forskrift om opptak til høyere utdanning. Det er krav om generell studiekompetanse eller tilsvarande. Studiet er adgangsregulert.

Tilrådde forkunnskapar:
Gode norskkunnskapar.

Innføringsemne:
Examen philosophicum og examen facultatum må være greidd før ein begynner på andre studieår.

Obligatoriske emne:
Til saman 270 studiepoeng obligatoriske emne inngår i programmet. Dei resterande 30 studiepoenga vert valde blant nærare angitte spesialemne.

Første studieår:

Andre studieår:

Tredje studieår:

Fjerde studieår:

Femte studieår:

Kurs i etikk for jusstudentar er tilrådd i løpet av fjerde eller femte studieår. Gjennomført eller manglande deltaking vert ført på vitnemålet.

Tilrådde spesialemner femte studieår:
30 studiepoeng valt blant desse emna:

Delstudium i utlandet eller spesialemne frå andre norske juridiske fakultet kan inngå i form av fritak for spesialemne, jf. § 5-9  i "Utfyllende regler for studier ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen."

Det som er bestemt om spesialemne, gjeld ikkje for studentar som etter søknad har fått løyve til å levere eit sjølvstendig skriftleg arbeid tilsvarande 60 studiepoeng (stor masteroppgåve).

Omfang masteroppgåve:
I løpet av fjerde eller femte året på masterstudiet skal studenten levere eit sjølvstendig skriftleg arbeid tilsvarande 30 studiepoeng (masteroppgåve) til individuell vurdering. Etter søknad kan studenten få løyve til å levere eit sjølvstendig skriftleg arbeid tilsvarande 60 studiepoeng (stor masteroppgåve).

Rekkefølgja for emna i studiet:

  • Emne på første studieår (JUS111, JUS112, JUS113 og JUS114) må vere greidd før ein begynner på andre studieår.
  • Emne på andre studieår (JUS121, JUS122, JUS123, JUS124) må vere greidd før ein begynner på tredje studieår.
  • Emne på tredje studieår (JUS131, JUS132, JUS133, JUS134, JUS135) må vere greidd før ein begynner på fjerde eller femte studieår.
  • Det vert tilrådd å studere JUS241 Strafferett og JUS242 Rettargang parallelt.

Rekkefølgja for emna i studiet går fram av  utdanningsplanen for den enkelte studenten.

Etter tredje studieår kan studentane velje å ta masteroppgåve og spesialemne eller tilsvarande, før emna på fjerde studieår.

Krav til progresjon i studiet:

  1. Emna i studiet er obligatoriske om ikkje anna er fastsett i studieplanen. Dei skal takast i den rekkefølgja som er fastsett i studieplanen. Fakultetet kan gjere unntak frå dette i individuell utdanningsplan.
  2. Ved undervisning og prøving på det enkelte emnet vert det føresett kunnskap frå tidlegare emne i utdanningsplanen.

Studiestad:
Bergen

Delstudium i utlandet:
Etter at 3. studieår er greidd, kan studentar reise på utveksling som ein del av masterprogrammet. Studentar kan ta emne tilsvarande 30 studiepoeng spesialemne, og/eller skriftleg arbeid tilsvarande masteroppgåva. Det juridiske fakultet vel ut spesielle samarbeidsuniversitet for å finne fagtilbod som best høver for våre studentar.
Meir info og retningslinjer

Undervisningsmetodar:

  1. Det skal vedtakast kjernelitteratur for kvar emne. Det kan i tillegg vedtakast innføringslitteratur og tilleggslitteratur.
  2. Kjernelitteraturen skal som regel ikkje overstige 30 tekstsider pr. studiepoeng på 1. – 4. studieår og 40 sider på 5. studieår.
  3. Undervisninga er basert på problembasert læring (PBL).
    • Førelesingar vert som hovudregel tilbodne i alle emne.
    • Arbeidsgrupper under leiing av ein vidarekommen student vert haldne i alle emne på første og andre studieår. Arbeidsgruppene konsentrerer seg om oppgåveløysing. Det er krav til førebuing og aktiv deltaking, svar på oppgåver og kommentering av oppgåver skrivne av medstudentar.
    • På tredje studieår vert  studentane plasserte i virtuelle grupper der ein skriv oppgåvesvar og kommenterer kvarandre sine oppgåver. Det vert i tillegg tilrettelagt for frivillige og sjølvstyrte arbeidsgrupper.
    • Storgrupper under leiing av ein lærar vert haldne i alle emne i dei tre første studieåra. Ei storgruppe består av tre arbeidsgrupper. Det er krav til førebuing og aktiv deltaking.
    • Seminarundervisning vert tilbode på fjerde studieår. Det er krav til førebuing og aktiv deltaking.
    • Undervisningsformen i spesialemna på femte studieår varierer. Sjå kvar enkel emneskildring.
    • Obligatorisk rettleiiing for masteroppgåva.

      Omfang av rettleiinga

      Studentane har rett og plikt til rettleiing under arbeidet med masteroppgåva. Det vert gitt 10 timars rettleiing per student. Studentar som etter søknad har fått løyve til å skrive masteroppgåve på 60 studiepoeng, får 20 timars rettleiing. Timetalet omfattar den tida rettleiaren bruker til lesing av utkast, til utarbeiding av kommentarar og til samtale med studenten. Rettleiinga skal avgrensast til eitt semester, med mindre noko anna er særskilt avtalt, eller det er særlege grunnar til at arbeidet med masteroppgåva har teke lengre tid. For studentar som etter søknad har fått løyve til å skrive masteroppgåve på 60 studiepoeng, skal rettleiinga, med dei same atterhalda, avgrensast til to semester.

      Form

      Rettleiinga kan gjevast individuelt eller i grupper. Dersom rettleiinga blir gjeven i gruppe, skal det i tillegg vere noko individuell rettleiing.

      Rettleiingsskjema

      Det skal førast eit skjema for rettleiinga som er gjeven. Dersom det er gjeve rettleiing frå andre enn den som fakultetet har oppnemnt som rettleiar, skal det gjerast greie for dette i skjemaet.

      Arbeidsplan

      Student og rettleiar skal fastsetje ein arbeidsplan i første møte.

      Endringar i rettleiingstilhøvet

      Ein student som meiner at rettleiinga eller rettleiingssituasjonen ikkje er tilfredsstillande, skal gi melding om dette til fakultetet og eventuelt få oppnemnt ny rettleiar dersom det er grunn til det. Meiner rettleiaren at studenten ikkje oppfyller pliktene sine på tilfredsstillande vis, skal fakultetet ha melding om dette, og endring eller avslutting av rettleiingstilhøvet skal vurderast.

     4.  Undervisningsformene i kvart enkelt emne går fram av emneskildringa.

     5.  Obligatorisk undervisning: Det gjeld obligatoriske arbeidskrav, under dette obligatorisk frammøte m.m. Dette er nærare regulert i "Utfyllende regler for studier ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen".

Vurderingsformer:

  1. Hovudregelen er at emna vert avslutta med 4 timars skuleeksamen. Vurderingsforma og lengda går fram av emneskildringane
  2. Eksamen vert halden kort tid etter at emnet er avslutta.
  3. Spesialemne kan ha andre ordningar; sjå emneskildringane.
  4. Oppgåvene som vert gjevne til eksamen kan omfatte læringskrav også frå tidlegare emne.

Karakterskala:

  1. Karakterskalaen er A – E for Greidd (Bestått) og F for Ikkje Greidd (Ikkje bestått). Fakultetsstyret kan vedta at karakteren skal vere Greidd/Ikkje Greidd for eitt eller fleire bestemte emne. Sjå emneskildringane.
  2. Vurderinga av prestasjonane skal skje ut frå innhaldet i det enkelt emnet, læringsmåla, krava til læringsutbytte, prøvingsforma og det studietrinnet emnet er plassert på.
  3. Vurderinga skal elles skje på grunnlag av Retningsliner for karaktersetjing i masterstudiet.

Kompetanse for vidare studium:
Mastergraden gir grunnlag for opptak til ph.d.-utdanning. Opptak krev godkjent prosjektskildring.

Det er mogleg å oppdatere og utvide kompetansen ved å ta ytterlegare spesialemne etter avslutta grad ved å søkje særskild studierett til å ta spesialemne.

Yrkesvegar:
Få utdanningar fører fram til jobb i så mange ulike bransjar som juristutdanninga. Vi finn juristar overalt i arbeidslivet og det vil alltid vere stor etterspurnad etter dei med juridisk utdanning.

Medan fleire juristar går inn i næringslivet, f.eks. innan bank, forsikring, varehandel, industri eller skipsfart, jobbar andre innanfor offentleg forvalting som i NAV, Skatteetaten og Konkurransetilsynet. Departementa og politiet/påtalemakta er populære og viktige arbeidsgivarar for juristar. Andre aktuelle arbeidsplassar er mediebransjen og organisasjonslivet. Ein kan dessutan arbeide med forsking og undervisning ved universitet og høgskolar.

Ein kan også bli dommar eller gå inn i advokatyrket. Det er berre juristar (advokatar) som har løyve til å drive profesjonell rettshjelp og føre saker for domstolane. For å få tittelen advokat og løyve til å arbeide som advokat, må ein ta eit obligatorisk advokatkurs. Ein må også ha to års godkjend juridisk praksis, vanlegvis som advokatfullmektig, dommarfullmektig eller politifullmektig.

Evaluering:
Studiet er underlagt fleire formar for evaluering:

  1. Studentevaluering er etablert som fast ordning i dei fire første studieåra. Spesialemne vert evaluerte etter nærare reglar.
  2. Lærarevaluering vert gjort årleg på grunnlag av mellom anna studentevaluering og statistiske data frå kursa (deltakartal, gjennomføring, eksamensresultat, gjentaksprosent mv.).
  3. Ekstern evaluering:
    a) NOKUT har kontinuerleg tilsyn med kvaliteten i høgre utdanning
    b) Programsensorar knytt til masterprogrammet i rettsvitskap gjer evalueringar av nærare angjevne, avgrensa delar av studiet og avgjer årleg rapport
    c) UiB sentralt fører tilsyn med drifta via nærare fastlagde rapporteringsrutinar

All intern evaluering skal følgje dei krava som er fastsette i "Handbok for kvalitetssikring av universitetsstudia" ved Universitetet i Bergen.

Autorisasjon:
Master i rettsvitskap gjev med visse tilleggskrav (kurs og praksis) rett til autorisasjon som advokat, 2005/36/EU. Autorisasjon vert gjeve av Tilsynsrådet for advokatvirksomhet.

Programansvarleg:
Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen. Integrert masterprogram i rettsvitskap har ikkje eige programstyre, men vert administrert av Studieutvalet på vegner av Fakultetsstyret.

Administrativt ansvarleg:
Fakultetsdirektøren v/Studieseksjonen ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen. post@jurfa.uib.no

Sist endret: 21.3.2012