Hjem
Det juridiske fakultet
Femårig masterprogram i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen

Studieplan for studieordning av 2003

Denne studieplanen gjeld for studentar som starta sine studier til og med hausten 2020. Studentar som allereie har bestått deler av jussutdanning, og søkte om godkjenning av denne, slik at dei startar direkte på 2.-5. studieår hausten 2021 eller på 3.-5. studieår hausten 2022, følgjer studiet slik det er bygd opp i denne planen.

Hovedinnhold

Hausten 2021 starta nye studentar på første studieår på ny studieordning der rekkefølgje, pensum og størrelse på dei ulike emna er endra. Studieplanen for denne studieordninga finn du på Studieplan for MAJUR Rettsvitskap.

Graden

Profesjonsstudiet i rettsvitskap fører fram til graden master i rettsvitskap. Studiet er femårig (300 studiepoeng).

Fagleg innhald

Kvar einaste dag dukkar det opp rettslege spørsmål i samfunnsdebatten. Det kan dreie seg om menneskerettar, straff, skattereglar, miljø og IT. Dette er spørsmål som engasjerer dei fleste, og som juristar jobbar med.

Det er vanskeleg å tenkje seg eit velfungerande samfunn utan rettsreglar. Retten slår fast korleis borgarane skal opptre i ulike samanhengar, noko som heng nært saman med politikk og moral. Her er juristane viktige aktørar.

Noko av det viktigaste du lærer på studiet er å tolke og bruke rettskjeldene på riktig måte for å nå fram til haldbare resultat. I juridiske tvilstilfelle finst det ikkje alltid fasitsvar. Her må ein ofte bygge på verdiar i samfunnet og rettskulturen for å finne ei best mogleg løysing. Du vil lære å løyse konkrete rettsproblem, og bli i stand til å argumentere og legge fram ei sak på ein god og overtydande måte.

Det integrerte masterprogrammet i rettsvitskap er eit femårig studium. Alle studentane tek i utgangspunktet dei same emna i same rekkefølge. Det eine emnet bygger på det andre, og du får ein jamn progresjon gjennom heile studiet. Studiet bygger på promlembasert læring og du lærer å jobbe sjølvstendig og i grupper. Dei to første åra er studentane delte inn i arbeidsgrupper som møtest kvar veke for å løyse ei gitt oppgåve. Kvar student skal skrive eit sjølvstendig svar som dei får tilbakemeldingar på. På fjerde eller femte studieåret kan ein velje emne etter eigne interesser. Ein skal òg skrive ei masteroppgåve basert på ei juridisk problemstilling

Poenggrense ved siste opptak

  • For søkjarar med generell studiekompetanse er fristen for å søkje 15. april.
  • For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: http://www.samordnaopptak.no

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til integrert masterprogram i rettsvitskap.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse

Tilrådde forkunnskapar

Gode norskkunnskapar er ein fordel

Presentasjon

Kan dei etterlatne etter eit drapsoffer hindre drapsmannen i å ta permisjon frå fengselet? Når kan ein bruke tvang for å behandle rusmisbrukarar? Kven kan straffast dersom olje lek ut og søler til kysten vår?

Kvar einaste dag dukkar det opp rettslege spørsmål i samfunnsdebatten. Det kan dreie seg om menneskerettar, straff, skattereglar, miljø og IT. Dette er spørsmål som engasjerer dei fleste, og som juristar jobbar med.

Det er vanskeleg å tenkje seg eit velfungerande samfunn utan rettsreglar. Retten slår fast korleis borgarane skal opptre i ulike samanhengar, og dette heng nært saman med politikk og moral. Her er juristane viktige aktørar. Gjennom profesjonsstudiet i rettsvitskap lærer du å analysere, drøfte og ta standpunkt til rettsspørsmål på grunnlag av etablert juridisk metode. Du tileignar deg kunnskap om sentrale delar av rettssystemet og lærer å skaffe deg ny juridisk kunnskap.

Læringsutbyte

Ein kandidat med mastergrad i rettsvitskap frå Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen skal:

  • kunne gjere greie for, og bruke riktig, eit betydeleg tilfang av juridiske omgrep, verdiar, reglar og prinsipp i norsk rett, òg innanfor internasjonale juridiske system
  • vise gjennom bruk i gjevne situasjonar at grunnleggande materielle kunnskapar, innan studiet sine ulike fagområde, held ein akseptabel kvalitet
  • kunne bruke anerkjent juridisk metode til å analysere komplekse juridiske problemstillingar, herunder drøfte, argumentere og sjølvstendig ta standpunkt til problemløysninga
  • kunne forfatte løysningsforslaga sine i ulike teksttypar og i munnleg framføring
  • kunne gjere greie for rettspolitiske vurderingar knytt til gitte juridiske problem
  • kunne forklare yrkesetiske sider ved profesjonsutøvinga
  • kunne tilegne seg ny juridisk kunnskap ut over det lærestoff som inngår i studiet, og bruke denne kunnskapen i løysing av juridiske problemstillingar
  • gjennom masteravhandlinga vise evne til å analysere ei sjølvformulert juridisk problemstilling, gjennomføre sjølvstendig innsamling og evaluering av relevant grunnlagsmateriale, og presentere konklusjonen i ei akademisk tekstform
  • kunne arbeide i gruppe med andre som ein deltakar som bidrar aktivt til gruppa si løysning av juridiske problem

Namn på grad

Master i rettsvitskap. Graden gir rett til tilsvarande tittel. Vitnemål vert utferda når graden er oppnådd. Det er eit vilkår for tildeling av graden at kandidaten gir følgjande løfte (kandidatløftet):

"Aldrig vidende at ville vige fra Ret og Retfærdighed, mindre raade nogen til ufornødne Processer eller i andre Maader med sine Raad befordre nogen uretvis Sag eller Intention."

Omfang og studiepoeng

300 studiepoeng. Normert studietid er fem år.

Språk

Norsk

Undervisningsspråk

Norsk. Enkeltemne kan ha undervisning på engelsk eller eit skandinavisk språk.

Studiestart - semester

Kvar haust.

Mål og innhald

Masterstudiet i rettvitskap ved Universitetet i Bergen er på til saman 300 studiepoeng (fem årseiningar). I dette inngår examen philosophicum med 10 studiepoeng og examen facultatum med 10 studiepoeng, spesialemne på til saman 30 studiepoeng, og eit sjølvstendig skriftleg arbeid på normalt 30 studiepoeng (masteroppgåve). Etter søknad kan masteroppgåva vere på 60 studiepoeng.

Oppbygging

Studiet byggjer på problembasert læring. Dei to første åra er studentane delte inn i arbeidsgrupper leia av ein vidarekomen student, som møtast kvar veke for å løyse ei gitt oppgåve. På tredje året er gruppene frivillige og sjølvstyrte. Kvar enkelt student skal skrive eit sjølvstendig svar som dei får tilbakemeldingar på. Det er krav om å kommentere medstudentane sine oppgåvesvar.

På fjerde eller femte studieåret kan ein velje emne etter eigne interesser. Eitt av emna må ha engelsk som undervisningsspråk og eksamensspråk. Ein skal også skrive ei masteroppgåve basert på ei juridisk problemstilling. I løpet av denne perioden har ein høve til å reise på studieopphald i utlandet, og dette er noko fakultetet oppmodar studentane om å gjere.

Kravet om engelskspråkleg emne gjeld ikkje for dei som reiser utanlands og tek emne der undervisningsspråket og eksamensspråket er ikkje-skandinavisk. Kravet om engelskspråkleg spesialemne gjeld heller ikkje for studentar som vel å skriva masteroppgåve på 60 eller 70 studiepoeng, eller for studentar som vel bestemte kombinasjonar av spesialemne på til saman 30 sp. Sjå nærare informasjon under overskrifta «tilrådde valemne».

Godkjend deltaking i det tverrfaglege emnet TVEPS kan påførast vitnemålet med null studiepoeng.

Det første semesteret går ex.phil. og ex.fac. parallelt fram til oktober/november. Vi gjer merksam på at studentar som har examen philosophicum og examen facultatum frå før, får berre 10 studiepoeng i haustsemesteret. Emnet i forvaltingsrett I byrjar i månadsskiftet oktober/november og endar med eksamen i januar.

Læringsutbyte

Kunnskaper

Kandidatene skal ha god kunnskap om grunnleggende rettsregler og sammenhenger innen alle fagområder som omfattes av studiet, og spesialisert kunnskap innen fagområder som dekkes av spesialemnene og masteroppgaven. Dette innebærer også at kandidatene har god kunnskap om:

  • det norske rettssystemets oppbygging og funksjon
  • den norske rettskulturens historie, særegenheter og grunnleggende verdier
  • hvordan norsk rett påvirkes av EU-retten, EØS-retten, internasjonale menneskerettigheter og annen folkerett
  • juridisk metode, herunder hvordan juridisk argumentasjon varierer på ulike rettsområder
  • mangfoldet av metoder i rettsforskning, og hovedlinjer i den rettsteoretiske diskusjonen
  • juristers rolle i samfunnet og etiske utfordringer knyttet til yrkesutøvelsen
  • hvordan ny teknologi kan brukes til å automatisere beslutningsprosesser og bidra til å løse rettslige problemer på nye måter, men også de rettslige og etiske utfordringer dette medfører
  • akademiske krav til kildehenvisninger og bruk av andres arbeider

Ferdigheter

Kandidatene kan anvende juridisk metode til å identifisere, drøfte og ta standpunkt til rettslige problemstillinger, også utenfor de rettsområder som er del av studiet. Dette innebærer å kunne:

  • fastlegge rettslig relevant faktum i et saksforhold, og på grunnlag av dette identifisere og formulere rettslige problemstillinger
  • innhente og systematisere rettslig relevant materiale fra norske, skandinaviske og engelskspråklige kilder, også ved bruk av digitale verktøy
  • foreta en selvstendig, helhetlig, kritisk og etisk gjennomtenkt analyse for å nå et faglig forsvarlig standpunkt om hva som er gjeldende rett
  • foreta rettspolitiske og komparative vurderinger av rettsreglene
  • løse nye problemer og bidra til rettslig nytenkning

Kandidatene kan formidle og evaluere juridiske analyser og standpunkt på en poengtert, presis og etterrettelig måte både muntlig og skriftlig, på så vel norsk som engelsk, gjennom å

  • utarbeide ulike former for selvstendige skriftlige arbeider
  • diskutere og prosedere ulike rettslige standpunkt
  • gi tilbakemeldinger på andres arbeid og selv motta og gjøre bruk av slike tilbakemeldinger

Generell kompetanse

Gjennom studieprogrammet oppnår kandidatene generelt anvendbar kompetanse knyttet til å

  • systematisere og avveie argumentasjon, rådgi og treffe avgjørelser
  • identifisere og vurdere etiske aspekter ved juridisk argumentasjon og standpunkt
  • tilegne seg ny kunnskap, følge med i rettsutviklingen og løse nye rettslige spørsmål
  • samarbeide med jurister fra andre land, forstå og gjøre seg nytte av deres perspektiver på felles rettslige utfordringer og bidra med norske perspektiver
  • samarbeide med fagpersoner fra andre disipliner og på det grunnlag kunne vurdere den rettslig relevante argumentasjonsverdien av kunnskap som er frembrakt av andre vitenskaper og bidra til tverrfaglige løsninger av komplekse samfunnsproblemer
  • formidle juridiske analyser til allmennheten, skriftlig og muntlig, på norsk og på engelsk
  • presentere og argumentere for egne vurderinger og konklusjoner for større og mindre grupper av tilhørere
  • bidra med rettslige perspektiver i samfunnsdebatten
  • planlegge og gjennomføre større arbeidsoppgaver innen en gitt tidsramme
  • følge akademiske krav til kildehenvisninger og bruk av andres arbeider
  • arbeide selvstendig og i grupper
  • forholde seg til de rettslige og etiske utfordringene knyttet til den teknologiske utviklingen

Vitnemål for graden Master i rettsvitenskap fra Det juridiske fakultet forutsetter at kandidaten etter fullført studium avlegger følgende løfte:

Aldrig vidende at ville vige fra Ret og Retfærdighed, mindre raade nogen til uforødne Processer eller i andre Maader med sine Raad befordre nogen uretvis Sag eller Intention.

Opptakskrav

Opptak til studiet skjer via Samordna opptak. Jf. Forskrift om opptak til høyere utdanning . Det er krav om generell studiekompetanse eller tilsvarande. Studiet er adgangsregulert.

Tilrådde forkunnskapar

Gode norskkunnskapar.

Innføringsemne

Examen philosophicum og examen facultatum må være greidd før ein begynner på andre studieår.

Obligatoriske emne

Til saman 270 studiepoeng obligatoriske emne inngår i programmet. Dei resterande 30 studiepoenga vert valde blant nærare angitte spesialemne, og kan også gjerne takast under utveksling til utlandet.

Første studieår

  • Examen philosophicum
  • EXFAC / Juridisk forprøve
  • JUS111 / Forvaltningsrett I
  • JUS112 Arve- og familierett
  • JUS113 Kontraktsrett I
  • JUS114 Juridisk metode

Andre studieår

Tredje studieår

Fjerde studieår

Femte studieår

Tilrådde valemne

Spesialemner på femte studieår

I mastergraden i rettsvitskap skal det som hovudregel inngå 30 studiepoeng spesialemne. Tilgjengelege spesialemne finn du under fanen Studieløp.

Utvekslingsopphald i utlandet eller spesialemne frå andre norske juridiske fakultet kan inngå i form av godskriving av spesialemne, jf. § 5-9 i Utfyllende regler for studier ved Det juridiske fakultet.

Det som er bestemt om spesialemne gjeld ikkje for studentar som etter søknad har fått løyve til å skriva stor masteroppgåve (tilsvarande 60 studiepoeng).

Generelt om spesialemne på femte studieår

I mastergraden i rettsvitskap skal det som hovudregel inngå 30 studiepoeng spesialemne. Desse kan gjerne takast under utveksling i utlandet. Om ein ikkje dreg på utveksling, må likevel eitt av emna må ha engelsk som undervisnings- og eksamensspråk. Tilgjengelege spesialemne finn du under fanen Studieløp.

Utvekslingsopphald i utlandet eller spesialemne frå andre norske juridiske fakultet kan inngå i form av godskriving av spesialemne, jf. § 5-9 i Utfyllende regler for studier ved Det juridiske fakultet. Fakultetet tilrår alle studentar å dra på utveksling, da dette gjev eit fagleg tilskot som elles er vanskelig å oppnå.

Det som er bestemt om spesialemne gjeld ikkje for studentar som etter søknad har fått løyve til å skriva stor masteroppgåve (tilsvarande 60 studiepoeng).

Spesielt om engelskspråkleg spesialemne

Det som er bestemt om engelskspråkleg emne gjeld ikkje for dei som reiser utanlands og tek emne der undervisningsspråket og eksamensspråket er ikkje-skandinavisk.

Kravet om engelskspråkleg spesialemne gjeld heller ikkje for studentar som vel ein av følgjande kombinasjonar av spesialemne på til saman 30 sp:

  1. JUS254-2-A Politirett og JUS255-2-A Påtalerett,
  2. JUS256-2-A Skatterett I, JUS256-2-B Skatterett II, JUS257-2-A Grunnleggande selskapsrett og JUS257-2-B Aksjeselskapsrett - fordjuping (tre av fire)
  3. JUS260-2-A Design- og patentrett, JUS260-2-B Opphavsrett, JUS260-2-C Kjenneteiknsrett og JUS260-2-D Marknadsføringsrett (tre av fire)
  4. JUS325 Rettshjelp

Omfang masteroppgåva

I løpet av fjerde eller femte året på masterstudiet skal studenten levere eit sjølvstendig skriftleg arbeid tilsvarande 30 studiepoeng (masteroppgåve) til individuell vurdering. Ein kan også skrive masteroppgåva si på utveksling (nærare reglar gjeld). Etter søknad kan studenten få løyve til å levere eit sjølvstendig skriftleg arbeid tilsvarande 60 studiepoeng (stor masteroppgåve).

Rekkefølgje for emne i studiet

  • Emne på første studieår (JUS111, JUS112, JUS113 og JUS114) må vere greidd før ein begynner på andre studieår.
  • Emne på andre studieår (JUS121, JUS122, JUS123, JUS124) må vere greidd før ein begynner på tredje studieår.
  • Emne på tredje studieår (JUS131, JUS132, JUS133, JUS134, JUS135) må vere greidd før ein begynner på fjerde eller femte studieår.

Rekkefølgja for emna i studiet går fram av utdanningsplanen for den enkelte student.

Etter tredje studieår kan studentane velje å ta masteroppgåve og spesialemne eller tilsvarande, før emna på fjerde studieår. Det betyr at du kan reise på utveksling etter tredje eller fjerde studieår.

Krav til progresjon i studiet

  1. Emna i studiet er obligatoriske om ikkje anna er fastsett i studieplanen. Dei skal takast i den rekkefølgja som er fastsett i studieplanen. Fakultetet kan gjere unntak frå dette i individuell utdanningsplan.
  2. Ved undervisning og prøving på det enkelte emnet vert det føresett kunnskap frå tidlegare emne i utdanningsplanen.

Studiestader

Bergen

Delstudium i utlandet

Det juridiske fakultet anbefaler at alle som har høve til det reiser på utveksling i løpet av studiet. Det finst mange alternativ for deg som ønsker å studere eit semester eller to ved eit universitet i utlandet. Du kan reise på utveksling etter å ha fullført tredje eller fjerde studieår. I løpet av studieopphaldet kan du ta valfrie juridiske emne eller skrive masteroppgåve.

Samanlika med andre fag på universitetet, er juss særs nasjonalt orientert. Du lærer først og fremst om det norske rettssystemet, på norsk, sjølv om norsk rett på mange felt er påverka av internasjonale reguleringar. Innflytelsen fra EU/EØS står sentralt, i tillegg til menneskerettane. Nettopp fordi jusstudiet er så nasjonalt retta, bør du reise ut som del av utdanninga di. Då vil du få andre perspektiv, både knytt til juridisk metode, materiell juss og sjølve rettsystemet.

Vi har valt ut særskilde samarbeidsuniversitet for å finne det fagtilbodet som passar best for våre studentar. Mellom 40 og 50% av studentane ved jusstudiet reiser på utveksling. Kva med å studere sjørett i Southampton, konfliktløysing i USA, EU-rett i Brussel, menneskerettar i Lancaster, miljørett i Auckland eller kinesisk rett i Beijing? Du kan velje mellom rundt 100 universitet i heile Europa og dessutan i Kina, Russland, Sør-Afrika, Australia, New Zealand og USA.

Undervisningsmetodar

1. Det skal vedtakast hovudlitteratur for kvar emne. Det kan i tillegg vedtakast innføringslitteratur og tilleggslitteratur.

2. Hovudlitteraturen skal ha eit omfang på mellom 30 og 60 tekstsider pr. studiepoeng.

3. Undervisninga er basert på problembasert læring (PBL).

  • Førelesingar vert som hovudregel tilbodne i alle emne.
  • Arbeidsgrupper under leiing av ein vidarekommen student vert haldne i alle emne på første og andre studieår. Arbeidsgruppene konsentrerer seg om oppgåveløysing. Det er krav til førebuing og aktiv deltaking, svar på oppgåver og kommentering av oppgåver skrivne av medstudentar.
  • På tredje studieår vert studentane plasserte i virtuelle grupper der ein skriv oppgåvesvar og kommenterer kvarandre sine oppgåver. Det vert i tillegg tilrettelagt for frivillige og sjølvstyrte arbeidsgrupper.
  • Storgrupper under leiing av ein lærar vert haldne i alle emne i dei tre første studieåra. Ei storgruppe består av tre arbeidsgrupper. Det er krav til førebuing og aktiv deltaking.
  • Seminarundervisning vert tilbode på fjerde studieår. Det er krav til førebuing og aktiv deltaking.
  • Undervisningsformen i spesialemna på femte studieår varierer. Sjå kvar enkel emneskildring.
  • Rettleiing for masteroppgåva.
    Omfang av rettleiinga
    Studentane har rett til rettleiing under arbeidet med masteroppgåva. Det vert gitt 10 timars rettleiing per student. Studentar som etter søknad har fått løyve til å skrive masteroppgåve på 60 studiepoeng, får 20 timars rettleiing. Timetalet omfattar den tida rettleiaren bruker til lesing av utkast, til utarbeiding av kommentarar og til samtale med studenten. Rettleiinga skal avgrensast til eitt semester, med mindre noko anna er særskilt avtalt, eller det er særlege grunnar til at arbeidet med masteroppgåva har teke lengre tid. For studentar som etter søknad har fått løyve til å skrive masteroppgåve på 60 studiepoeng, skal rettleiinga, med dei same atterhalda, avgrensast til to semester.
    Form
    Rettleiinga kan gjevast individuelt eller i grupper. Dersom rettleiinga blir gjeven i gruppe, skal det i tillegg vere noko individuell rettleiing.
    Arbeidsplan
    Student og rettleiar skal fastsetje ein arbeidsplan i første møte.
    Endringar i rettleiingstilhøvet
    Ein student som meiner at rettleiinga eller rettleiingssituasjonen ikkje er tilfredsstillande, skal gi melding om dette til fakultetet og eventuelt få oppnemnt ny rettleiar dersom det er grunn til det.

4. Undervisningsformene i kvart enkelt emne går fram av emneskildringa.

5. Obligatorisk undervisning: Det gjeld obligatoriske arbeidskrav, under dette obligatorisk frammøte m.m. Dette er nærare regulert i Utfyllende regler for studier ved Det juridiske fakultet.

Vurderingsformer

  1. Hovudregelen er at emna vert avslutta med 4 timars skuleeksamen. Vurderingsforma og lengda går fram av emneskildringane
  2. Eksamen vert halden kort tid etter at emnet er avslutta.
  3. Spesialemne kan ha andre ordningar; sjå emneskildringane.
  4. Oppgåvene som vert gjevne til eksamen kan omfatte læringskrav også frå tidlegare emne.

Karakterskala

  1. Karakterskalaen er A - E for Greidd (Bestått) og F for Ikkje Greidd (Ikkje bestått). Fakultetsstyret kan vedta at karakteren skal vere Greidd/Ikkje Greidd for eitt eller fleire bestemte emne. Sjå emneskildringane.
  2. Vurderinga av prestasjonane skal skje ut frå innhaldet i det enkelt emnet, læringsmåla, krava til læringsutbytte, prøvingsforma og det studietrinnet emnet er plassert på.
  3. Vurderinga skal elles skje på grunnlag av Retningsliner for karaktersetjing i masterstudiet.

Grunnlag for vidare studium

Mastergraden gir grunnlag for opptak til ph.d.-utdanning. Opptak krev godkjent prosjektskildring.

Det er mogleg å oppdatere og utvide kompetansen ved å ta ytterlegare spesialemne etter avslutta grad ved å søkje særskild studierett til å ta spesialemne.

Relevans for arbeidsliv

Få utdanningar fører fram til jobb i så mange ulike bransjar som juristutdanninga. Vi finn juristar overalt i arbeidslivet og det vil alltid vere stor etterspurnad etter dei med juridisk utdanning.

Medan fleire juristar går inn i næringslivet, f.eks. innan bank, forsikring, varehandel, industri eller skipsfart, jobbar andre innanfor offentleg forvalting som i NAV, Skatteetaten og Konkurransetilsynet. Departementa og politiet/påtalemakta er populære og viktige arbeidsgivarar for juristar. Andre aktuelle arbeidsplassar er mediebransjen og organisasjonslivet. Ein kan dessutan arbeide med forsking og undervisning ved universitet og høgskolar.

Ein kan også bli dommar eller gå inn i advokatyrket. Det er berre juristar (advokatar) som har løyve til å drive profesjonell rettshjelp og føre saker for domstolane. For å få tittelen advokat og løyve til å arbeide som advokat, må ein ta eit obligatorisk advokatkurs. Ein må også ha to års godkjend juridisk praksis, vanlegvis som advokatfullmektig, dommarfullmektig eller politifullmektig.

Evaluering

Studiet er underlagt fleire formar for evaluering:

  1. Alle emna som kan inngå i masterstudiet i rettsvitskap vert evaluert kvart tredje år. Det nærare innhaldet i evalueringa vil gå fram av emneskildringa. [Ordninga er etablert frå hausten 2016. Frå hausten 2019 vil alle emna ha oppdatert informasjon om evalueringsform.]
  2. Ekstern evaluering:
    a) NOKUT har kontinuerleg tilsyn med kvaliteten i høgre utdanning
    b) Programsensorar knytt til masterprogrammet i rettsvitskap gjer evalueringar av nærare angjevne, avgrensa delar av studiet og avgjer årleg rapport
    c) UiB sentralt fører tilsyn med drifta via nærare fastlagde rapporteringsrutinar

All intern evaluering skal følgje dei krava som er fastsette i "Handbok for kvalitetssikring av universitetsstudia" ved Universitetet i Bergen.

Skikkavurdering og autorisasjon

Master i rettsvitskap gjev med visse tilleggskrav (kurs og praksis) rett til autorisasjon som advokat, jf. domstolloven § 220. Autorisasjon vert gjeve av Tilsynsrådet for advokatvirksomhet.

Programansvarleg

Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen. Integrert masterprogram i rettsvitskap har ikkje eige programstyre, men vert administrert av Studieutvalet på vegner av Fakultetsstyret.

Administrativt ansvarleg

Fakultetsdirektøren v/studieseksjonen ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen. post@jurfa.uib.no

Undervisning

Profesjonsstudiet i rettsvitskap byggjer på ein kursmodell.

Dette inneber at alle studentane i utgangspunktet tek dei same faga/kursa i same rekkjefølgje, slik desse blir gjennomførte i det enkelte studieåret. På denne måten byggjer det eine faget på det andre, og det blir jamn progresjon gjennom heile studiet. Prøvinga av studentane skjer på kvart enkelt fag eller kurs. For å få godkjent lukka kurs, må du som hovedregel ha oppfylt krava i studieplanen om å vera til stades på samlingar, levera oppgåver, med meir.