Hjem
Ansattsider

Utvikling av god studentmobilitet

Desse sidene er meint som hjelp til studieprogram som av ulike årsaker har hatt låge utvekslingstal, og som ønsker å arbeide med å utvikle god studentmobilitet.

Hovedinnhold

Innleiing

I fanene over legg vi fram ein stegvis rettleiar for dette arbeidet. I slike prosessar kan det vere nyttig å utveksle erfaringar med andre og sparre med utanforståande. Dersom det er behov for dette, eller ein treng innspel før eller undervegs i prosessen, er det berre å ta kontakt med Internasjonalt senter  - vi assisterer gjerne!

Før ein går i gang:

  • Sett av minst ein administrativ ressurs, og i tillegg også helst ein vitskapleg ressurs. Ein bestemmer sjølv kor mykje arbeid ein skal legge ned i dette.
  • Sørg for forankring i lokal leiing, sidan ein jo ønsker å få til ei endring (forbetring!), noko som kan innebere litt arbeidsinnsats og kanskje endringar i studieplanar, osv.
  • Prøv å planlegge ein tidsplan for prosjektet – basert på stega i denne rettleiaren. I pilotprosjektet strekte prosessen seg over eit knapt år. Det kan likevel la seg gjere på kortare tid.