Hjem
Institutt for fremmedspråk

Gjesteforelesarar

Hovedinnhold

Gjesteforelesarar - honorar, lønsplassering og skattekort

Gjesteforelesarar ved instituttet, norske og utanlandske, blir normalt honorerte i grunnsteget for professorar. Ta kontakt med adminitrasjonskonsulent eller Arve Kjell Uthaug når honoraret skal betalast ut.

Når vi har gjesteforelesarar frå utlandet, treng vi følgjande opplysningar om forelesaren:

  • namn, adresse, bankkonto, IBAN/Swift
  • Dato (cirka) for innreise og utreise
  • kopi av passet

Utanlandske gjester som skal ha forelesingshonorar må sjølv møta opp hos Skatteetaten og søkja om skattekort dersom oppdraget varer utover 3 døgn.  Dersom oppdraget varer i inntil 3 døgn, treng ein ikkje å søkja om skattekort.

For utanlandske oppdragstakarar som utfører arbeidet utanfor Noreg er det administrasjonskonsulent som søkjer om skattekort.

Send henne attestert kopi av pass saman med dei andre opplysningane om gjesteforelesaren, så hjelper ho med å søkja skattekort. Dette bør gjerast i god tid før forelesaren kjem, slik at vedkomande slepp å venta lenge på honoraret.