Hjem
Middelalderklyngen
nettverk

Forskingsnettverk: by- og urbanisering 

Forsking på by og urbanisering – i vidare forstand og i lange tidshorisontar – er eit sterkt og tverrfagleg forskingsfelt innafor fleire fagmiljø i Bergen. Nettverket har stor breidde, både i tematikk, kronologi og geografi.  

Svalgang på Bryggen i Bergen
Foto/ill.:
Thor Brødreskift

Hovedinnhold

I dag bur meir enn halvparten av verdas befolkning i byar. Flytting frå rurale områder til byar er eit fenomen ein finn over store delar av verda. Byane er i stadig vekst og endring, med utfordringar knytt til folkeauke, ressursutnytting og miljø. Endringar i samfunnet som oppstår på bakgrunn framveksten av byar og aktivitetane som skjer i byane er likevel ikkje eit nytt fenomen. Byar utviklar seg i lange tidshorisontar og påverkar samfunnet i lang tid. Studiar knytt til byar kan difor ikkje berre omhandle vår tid, men bør sjåast i eit historisk perspektiv. 

Gjennom dette forskingsnettverket blir forskjellige perspektiv på byen sett i fokus, frå fortidas byar, utvikling gjennom historia, til framtidsbyens utfordringar, t.d. innan miljø og klima. Studiar dreier seg vidare rundt byen som identitetsbærar og som knutepunkt og smeltedigel for kultur, kunnskap og innovasjon. 

Bergens forskingsnettverk på by og urbanisering omfattar sterke og sentrale institusjonar, som Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet, Vestland fylkeskommune og Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU).

Medlemmar i nettverket