Årsstudium i filosofi
Programmet tilbys av
Introduksjon
Vil du supplere tidlegare utdanning? Ønskjer du undervisningskompetanse i eit nytt fag? Kanskje du vil førebu deg til eit nytt studium i utlandet?
Eit årsstudium i filosofi er først og fremst retta mot deg som allereie har teke eit studium på høgskole-
eller universitetsnivå tidlegare. Studiet er bygd opp av emne på til saman 60 studiepoeng.
Du studerer emne i eldre og nyare filosofi, og emne som gir høve til fordjuping innan særskilde tema. Du får såleis moglegheit til å fordjupe deg i område som du har ei særskild interesse for, til dømes i samband med yrket ditt.
NB: Studiet startar i januar.
Studievegar
Dersom du har planar om å studere ved UiB i meir enn eitt år, bør du søkje opptak til eit bachelorprogram.
Overgangsordninger
Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no/utdanning.
Oppbygging
Studiet inneheld fire emne, kvart emne er på 15 studiepoeng. Du startar studiet om våren, og tar to emne kvart semester.
Vår
FIL111 - Filosofiske grunnspørsmål i filosofihistoria
FIL112 - Klassiske filosofiske tekster. Fortolking og argumentasjon
Haust
FIL103 - Logikk, språk- og vitskapsfilosofi
Valemne.
Det valfrie emne i spesialiseringa kan veljast frå følgjande emne:
FIL211 Valemne 1 i filosofi
FIL212 Valemne 2 i filosofi
FIL213 Valemne 3 i filosofi
FIL214 Valemne 4 i filosofi
IDH201 Politisk idéhistorie
KVIK201 Kjønnsteori
Kvart semester vert det tilbydd ulike tema under FIL211, FIL212, FIL213 og FIL214 (filosofiske valemne).
Søknadsprosedyre
For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).
Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet:
www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til årsstudium i filosofi.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse
Tilrådde forkunnskapar
Vi rår til at du har tatt ex.phil. før du byrjar på eit årsstudium i filosofi.
Poenggrense ved siste opptak
Ordinær: 39,6
Førstegangsvitnemål: 36,5
Overgangsordninger
Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no/utdanning.
Antall studieplasser
5
Meir informasjon
Ønskjer du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar@hf.uib.no
55 58 93 70
Omfang
60 studiepoeng
Undervisningsspråk
Norsk og engelsk
Studiestart
Haust og vår
Mål og innhald
Filosofien har ein lang tradisjon og mange sentrale berøringspunkt med andre vitskapar, samstundes som den og tek opp meir allmenne spørsmål som til dømes tilhøvet mellom vitskap, teknologi og kultur, tru og viten, språket og verda, individ og samfunn, makt og legitimitet osb. Det er eit særskild kjenneteikn ved filosofi som fag at god innsikt i dets eige historie er ein sentral del av faget sjølv. Gjennom arbeid med grunnleggjande filosofiske problemstillingar like frå antikken til vår ega tid vil studentane få forståing av filosofien sin eigenart, med tema frå både teoretisk filosofi (kunnskapsteori, metafysikk, vitskapsfilosofi med meir) og praktisk filosofi (etikk, politisk filosofi, estetikk med meir).
Årsstudiet er særleg retta mot lærarar i den vidaregåande skulen som skal undervise i faget "Historie og filosofi" og mot lærarstudentar som ynskjer eit år med filosofi i utdanninga si.
Studiet vil og høve godt for dei som ynskjer ei innføring i filosofi, men som ikkje er interessert i å ta ein full bachelorgrad.
Studenten vil få trening i å lese og fortolke filosofiske originaltekstar. Samstundes står oppøving av skriftleg og munnleg formidling sentralt.
Årsstudium i filosofi gjev grunnlag for opptak til praktisk pedagogisk utdanning - PPU.
Læringsutbyte/resultat
Kunnskap:
Ein student med fullført årsstudium i filosofi skal ha
- oversikt over og innsikt i sentrale klassiske filosofiske originaltekstar frå antikken til våre dagar
- forståing for filosofien sin eigenart og for den rolla filosofihistoria spelar i filosofien
- oversikt over sentrale filosofar og problemstillingar i samtidsfilosofien
- grunnleggjande kjennskap til formal logikk
Dugleik:
Ein student med fullført årsstudium i filosofi skal kunne
- løyse ei gjeven problemstilling på ein sjølvstendig måte innan ein avgrensa periode
- raskt trekkje ut relevant stoff frå ei større mengd litteratur for å handsame gjevne oppgåver
- lese og fortolke filosofiske originaltekstar som går utover pensum samt kunne seg i relevant sekundærlitteratur
- formidle avgrensa filosofiske problemstillingar både skriftleg og munnleg
Kompetanse:
- Årsstudiet i filosofi gir erfaring med kritisk analyse og drøfting av komplekse problem, ofte på høgt abstraksjonsnivå. Dette ein kompetanse som er nyttig f.eks. i utgreingsarbeid innanfor offentleg og privat administrasjon, næringsliv og organisasjonar.
- I kombinasjon med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) kvalifiserer årsstudiet for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skole.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse
Tilrådde forkunnskapar
Examen Philosophicum
Obligatoriske emne / spesialisering
Årsstudiet i filosofi har eit omfang på 60 studiepoeng (1 år) og er samansett av følgjande emne:
- FIL120 (Filosofihistoria frå antikken til opplysingstida - 10stp.)
- FIL121 (Filosofihistoria frå opplysingstida til 1900-talet - 10stp.)
- FIL122 (Filosofiske originaltekstar frå antikken til opplysingstida - 5stp.)
- FIL123 (Filosofiske originaltekstar frå opplysingstida til 1900-talet - 5stp.)
- FIL124 (Introduksjon til praktisk filosofi - 10stp.)
- FIL125 (Introduksjon til teoretisk filosofi - 10stp.)
- FIL126 (Introduksjon til språkfilosofi - 5stp.)
LOG110 (Introduksjon til formal logikk - 5stp.)
Rekkefølje for emne i studiet
Det vanlege er å byrje på årsstudiet i filosofi om våren. Anbefalt progresjon i studiet:
Studentar som er interessert i å byrje årsstudiet om hausten må kontakte instituttet på førehand.
Krav til progresjon i studiet
For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.
Studiestader
Bergen
Undervisningsmetodar
Programmet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes forelesingar, seminar, individuell rettleiing og grupperettleiing.
Sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Vurderingsformer
Gjennom programmet blir studentane prøvd på ulike måtar, eksempelvis ved skuleeksamen, heimeeksamen, rettleia oppgåve og munnleg prøve.
Sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Kompetanse for vidare studium
Årsstudiet tilsvarer den obligatoriske delen av spesialiseringa i en bachelorgrad i filosofi.
Yrkesvegar
Årsstudiet i filosofi gjev gode allmennkunnskapar som kan nyttast i ei rekkje yrke.
Programmet er særskild retta mot lærarar i faget "Historie og filosofi" i den vidaregåande skulen, men i kombinasjon med eit eller fleire andre sentrale skulefag, vil ein og kunne gå inn som undervisar på ulike trinn i skuleverket.
Meir generelt gjer programmet deg skikka til å analysere og tolke tekstar og dokument. Du blir øvd opp til å argumentere og til å gje munnlege og skriftlege presentasjonar der du ser ei sak frå fleire sider.
Evaluering
Spesialiseringa og dei einskilde emna vert evaluerte med jamne mellomrom.
Fagansvarleg
Institutt for filosofi og førstesemesterstudiar
Adminstrativ ansvarleg
Institutt for filosofi og førstesemesterstudier
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| FIL120 | Filosofihistoria frå antikken til opplysningstida | 10 | 1-6 | |||||||||
| FIL121 | Filosofihistoria frå opplysningstida til 1900-talet | - | 1-6 | |||||||||
| FIL122 | Filosofiske originaltekstar frå antikken til opplysningstida | 5 | 1-6 | |||||||||
| FIL123 | Filosofiske originaltekstar frå opplysningstida til 1900-talet | - | 1-6 | |||||||||
| FIL124 | Introduksjon til praktisk filosofi | 10 | 1-6 | |||||||||
| FIL125 | Introduksjon til teoretisk filosofi | - | 1-6 | |||||||||
| FIL126 | Introduksjon til språkfilosofi | - | 1-6 | |||||||||
| LOG110 | Introduksjon til formal logikk | 5 | 1-6 | |||||||||