Hjem

Utdanning

Bachelor

Bachelorprogram i musikkvitskap

  • Studiepoeng180
  • PoenggrenseAlle /Alle
  • Lengde3 år
  • Studieplassar12
  • StudiestartHaust
  • SpråkNorsk/Engelsk
  • StudieplanLes studieplan

Introduksjon

Introduksjon

Kva roller har musikk i kultur og samfunn? Korleis nyttast musikk til å skape identitet i ei stadig globaliserande verd? Kva er samanhengen mellom musikalsk kreativitet og teknologi? Korleis oppstår musikalsk meining?

Musikkvitskap er eit fag som ser på musikk både som estetisk objekt og samfunns­fenomen. Det som særmerker musikkvitskap som fag ved Universitetet i Bergen er stor historisk, geografisk og tematisk spennevidde. Vi forskar på og underviser i tema som den vestlige kunstmusikken, populærmusikk, norsk tradisjons­musikk og andre globale tradisjonar.

Kva kan eg bli

Yrkesvegar

Når du har fullført dette studieprogrammet, får du graden bachelor i musikkvitskap. Mogelege yrkesvegar heng saman med kva samansetting du har i studiet ditt. Du kan kvalifisere deg til arbeid i kultur- og musikkbransjen, og til arbeid med musikk- og kulturjournalistikk.

Vidare studium

Masterprogram
Etter bachelorprogrammet er du kvalifisert til å søke opptak på masterprogram, og instituttet vil på sikt tilby eit masterprogram i musikkvitskap.

Forsking og kunstnarleg utviklingsarbeid
Fagpersonalet ved Griegakademiet er internasjonalt aktive forskarar og utøvarar. Ved instituttet blir det arbeidd med utvikling av kunst og vitskap side om side, samstundes som ein søker å skape møteplassar mellom desse forskjellige tradisjonane.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:
Kandidaten

  • viser grunnleggjande kunnskap om musikken sine funksjonar i kulturelt og samfunns perspektiv.
  • dokumenterer kunnskap om musikkhistorie, musikalske tradisjonar, stil og estetikk.
  • viser kritisk forståing av musikk i ulike samfunns, kulturelle og historiske kontekster.

Ferdigheiter:

Kandidaten

  • kan oppdatere eigen kunnskap, reflektere rundt eigen praksis og faglege problemstillingar, og tar ansvar for eiga fagleg utvikling.
  • orienterer seg i forsking innanfor fagområdet og brukar dette i eige arbeid.
  • kommuniserer munnleg og skriftleg omkring musikkfaglege problemstillingar, i fagmiljø og med publikum.

Generell kompetanse:

Kandidaten

  • relaterer seg til musikklivet og -bransjen sine krav og forventningar.
  • kjenner til og relaterer seg reflektert til fag- og yrkesetiske retningslijner og problemstillingar.
  • arbeider målretta og sjølvstendig, åleine og saman med andre.

Oppbygging

Oppbygging

Studiet skal innehalde ex.phil. og ex.fac. på 30 studiepoeng og ei obligatorisk fordjuping i musikkvitskap på 90 studiepoeng. I studiet vil du ha 60 valfrie studiepoeng. Instituttet tilbyr mange interessante teoretiske og utøvande emne, eller du kan velja emne frå språk-, historie- eller kulturfag eller andre emne som du interesserer deg for.

Bachelorprogrammet i musikkvitskap skal innehalde 30 studiepoeng innføringsemne (førstesemesterstudiet):

- Examen philosophicum (10 stp.)

- Akademisk skriving (10 stp.)

- Språk og kommunikasjon (10 stp.) eller Tekst og kultur (10 stp.)

Bachelorgraden har obligatorisk spesialisering i musikkvitskap på 90 studiepoeng, og inneheld desse emna:

MUG105 Music in World Cultures (15 stp.)

MVK101 Musikkproduksjon (15 stp.)

MUV280 Populærmusikkstudier (15 stp.)

MUF101 Musikk, kultur og samfunn (15 stp.)

MUG117 Musikkhistorie klassisk (10 stp) eller MUG118 Musikkhistorie jazz (10 stp.)

MVK102 Å skriva om musikk (Writing about music) (5 stp.)

MVK250 Bacheloroppgåve musikkvitskap (15 stp.)

Bachelorprogrammet i musikkvitskap inneheld 60 frie studiepoeng.Følgjande emner er valfrie innanfor fagfeltet musikkvitskap:

MVK103 Musikk og identitet (15 stp.)

MVK104 Griegstudier (15 stp.)

MVK105 Innføring i norsk folkemusikk (15 stp.)

MVK110 Hovedinstrument musikkvitskap (15 stp.) - emnet har opptaksprøve. Sjå emneplan.

MVK210 Music, Gender and Sexuality

MVK230 Russian Music: Concert Hall to Dance Club (15 stp.)

Det er og andre aktuelle musikkemne ved Griegakademiet - Institutt for musikk. Nokre valgemne krev opptaksprøve eller bestått Nasjonal teori- og gehørprøve for studentar med studierett på Bachelorprogram i musikkvitskap.

Studentar kan dessutan velja emne innan språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar.

Når du har fullført studieprogrammet ditt, skal du ha tileigna deg visse kunnskapar, ferdigheiter og generelle kompetansar. Desse er skildra i omtalen av læringsutbyte.

Bachelorprogram i musikkvitskap (krav 180 SP)
Første semester (krav 30 SP)
Vel minst to emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
EXFAC00ASExamen facultatum, Akademisk skriving101–61
EXFAC00SKExamen facultatum, Språk og kommunikasjon101–61
EXFAC00TKSEMExamen facultatum, Tekst og kultur - seminarmodell101–61
EXFAC00TKEKSExamen facultatum, Tekst og kultur - eksamensmodellen101–61
Vel eitt av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
EXPHIL-HFEKSExamen philosophicum - skuleeksamen101–61
EXPHIL-HFSEMExamen philosophicum - seminarmodell101–61
Spesialisering i musikkvitskap (krav 90 SP)
Krav til program og spesialisering går fram av studieplanen for programmet.
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MUG105Music in World Cultures151–62
MVK101Musikkproduksjon151–62
MUV280Popular Music Studies151–63
MVK102Å skrive om musikk51–63
MUF101Musikk, kultur, samfunn151–63
MVK250Bacheloroppgåve i musikkvitskap151–66
Vel eitt av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
MUG117Musikkhistorie klassisk101–63
MUG118Musikkhistorie jazz101–63
Valfrie studiepoeng (krav 60 SP)
Valfritt
Utveksling 1/2 semester - 15 stp
Utveksling 1 semester
Utveksling 2 semester
Valfritt
EmnekodeEmnetittelSPSA
MVK103Musikk og identitet151–6
MVK104Griegstudier151–6
MVK105Innføring i norsk folkemusikk151–6
MVK110Hovudinstrument musikkvitskap151–6
MVK210Music, Gender and Sexuality151–6
MVK230Russian Music: Concert Hall to Dance Club151–6
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Utveksling

Utveksling

Du kan reise på utveksling til utlandet i 5. semester og velje emne i musikkvitskap, eller du kan ta andre emne som frie studiepoeng i programmet ditt. UiB og instituttet har ei rekke samarbeidsavtalar med universitet både i og utanfor Europa.

Korleis søke

Søknadsprosedyre

For søkarar med generell studiekompetanse er fristen for å søke 15. april.

For spesielle søkargrupper og for søkarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Nettsøknad og meir informasjon finn du på Samordna opptak sine nettsider

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i musikkvitskap.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Nokre musikkteoretiske og utøvande valemne har eigne opptakskrav, sjå eigne omtalar under kvart emne.

Overgangsordninger

Du kan byte studieprogram både haust og vår.

hf-musikkvitskap.jpg

Tegning i sort/hvitt av mange ulike instrumenter, både for musikk og for kunsternisk utforming

Studere ved UiB?

Motta nyheter om studietilbud ved UiB, og få et gratis UiB-tøynett

Søk her

Søkerkode i Samordna opptak

184437

Kontakt

Meir informasjon

Ønsker du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:

studierettleiar@grieg.uib.no

Tlf.: 55 58 69 50