Hjem

Lektorprogram i naturvitenskap og matematikk

Lektorprogrammet gir deg det du treng for å jobbe som lærar i realfag i ungdomsskolen og vidaregåande skole.
  • Lengde5 År
  • OpptakskravLÆREAL
  • Studiepoeng300
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Lektorprogrammet gir deg det du treng for å jobbe som lærar i realfag i ungdomsskolen og i vidaregåande skole. Du får ei solid fagutdanning i to realfag samtidig som du lærer korleis planlegge undervisning og legge til rette for læring i desse faga. Du får prøvd deg som lærar i løpet av ein omfattande praksis. Du fordjupar deg mest i det eine realfaget og avsluttar studiet med ei masteroppgåve i dette faget. Masteroppgåva kan enten ha fokus på undervisning og læring i faget, eller vere reint realfagleg. 

Du kan velje mellom desse kombinasjonane av to realfag: 

  • matematikk og fysikk
  • kjemi og matematikk 
  • biologi og matematikk
  • biologi og kjemi
  • matematikk med naturfag som fag 2

Studiekvardag 

Du vil frå starten av studiet høyre til eit kull, slik at du raskt blir kjent med dei andre studentane på programmet.  

I dette profesjonsstudiet har du noka undervisning og nokre aktivitetar saman med berre andre lektorstudentar, for eksempel i pedagogikk. Mykje av den realfaglege undervisninga har du også saman med andre realfagstudentar, og du får dermed det same faglege nivået på utdanninga di. 

Undervisninga kan ha ulike former avhengig av kva fag, for eksempel forelesing, gruppearbeid, seminar, laboratorieøving og feltkurs. Litteraturen og undervisninga er på norsk og engelsk.  

Lektorprogrammet er eit krevjande fulltidsstudium, der du vil ha ansvar for mykje av arbeidet sjølv. Totalt må du rekne med å bruke 40 timar i veka på studiet.  

Praksis er ein sentral del av lektorutdanninga, og du skal ha 100 dagar praksis i løpet av studiet.  

Studentrommet «Lærerværelset» kan brukast til gruppearbeid og lesesalsøkter, i tillegg til å vere sosial samlingsplass. Linjeforeininga Real lektor arrangerer også mange sosiale aktivitetar for lektorstudentane.  

Kva kan du jobbe som? 

Lektorprogrammet gir deg kompetanse til å undervise i ungdomskole og vidaregåande skole, og dei fleste av dei som fullfører programmet går ut i jobb som lærar i skolen. Men det finst andre moglegheiter avhengig av fordjupinga i masteroppgåva, for eksempel jobbar i industrien eller vidare doktorgradsstudium (PhD).

Opptakskrav og søknadsfrist 

Søknadsfristen er 15. april 

Studiets oppbygging 

1. semester: PEDA130 med kortpraksis (10 studiepoeng), emne i realfag (20 studiepoeng)

2. semester: Emne i realfag (30 studiepoeng) 

3. semester: REALDI100-P med kortpraksis (10 studiepoeng), emne i realfag (20 studiepoeng)

4. semester: Emne i realfag (30 studiepoeng)

5. semester: Ex.phil (10 studiepoeng), REALDI200 (10 studiepoeng), PEDA 131 og langpraksis (10 studiepoeng)

6. semester: Emne i realfag (30 studiepoeng)

7. semester: Emne i realfag (30 studiepoeng)

8. semester: PEDA 132 (10 studiepoeng) og to av MAT-, PHYS-, KJEM-, BIO-, NATDI 300 og langpraksis (20 studiepoeng)

9. semester: Emne i realfag (30 studiepoeng)

10. semester: Masteroppgåve (30 studiepoeng)

Sjå oversikt over studieløp for nærmare informasjon om kva realfagsemne som inngår i dei ulike fagkombinasjonane. 

Studieretningar 

Utveksling

I løpet av lektorprogrammet kan du reise på utveksling eitt semester for å ta emne på eit universitet i utlandet. Nokre studentar får også kvart år anledning til å ha ein praksisperiode i Cape Town.

Vidare studiemoglegheiter 

Lektorprogrammet kvalifiserer for opptak til doktorgradsstudium (PhD). Du kan også studere vidare for å skaffe deg eit tredje undervisningsfag.

    Søk her