Hjem

Utdanning

Master

Masterprogram i medie- og interaksjonsdesign

  • Lengde2 år
  • SpråkNorsk
  • StudiestartHaust
  • Studiepoeng120

Presentasjon

Mål og innhald

Mens tradisjonelle media distribuerer, kringkastar eller gjer tilgjengeleg informasjon og redaksjonelt innhald som gjer det mogleg for opplyste borgarar å delta i den offentlege debatt, er det i dag ein økt førespurnad etter nye tekniske løysingar, nye format for publikumsdeltaking og brukargenerert innhald, og som en konsekvens blir nye verdiar knytt til produkt, applikasjonar og system. Dei vil appellere til brukaranes kjensler og opplevingar, og kan innrettast på ei rekkje publikumsgrupper. 

Masterprogram i medie- og interaksjonsdesign handlar om å laga teknologiske løysingar som hjelper mediebrukarar til å forstå og samhandle med innhald og teknologi. Studentane skal lære å utvikle nye tekniske og innhaldsmessige løysingar for mediebruk og som støttar arbeidspraksisar i mediebransjen. Masterprogram i medie- og interaksjonsdesign gjev studentane ei bransjenær utdanning, som gjer dei i stand til å konstruere prototypar på nye medium, og evaluere brukaropplevingane til mediebrukarar og profesjonelle, og på denne måten utvikle effektive og engasjerande løysingar, inklusiv multiplattform-løysingar, mellom brukarar og media. 

Studentane vil få moglegheita til å utforske etablerte så vel som innovative medieteknologiar og sjangrar, og vil få erfaring med ulike designmetodar knytt til nye media. Masterprogrammet er ei tverrfagleg utdanning basert på human-computer interaction (HCI), brukaroppleving- og publikumsstudiar, og eksperimentell utprøving av prototypar (mediedesign). Programmet vil gje studentane praktiske, analytiske, metodologiske og teoretiske ferdigheitar innafor interaksjonsdesign for digitale media. 

Masterprogram medie- og interaksjonsdesign er eit teoretisk og metodisk forankra universitetsstudium som legg vekt på problembasert læring gjennom idéworkshops, teknisk opplæring, samarbeid i grupper, sjølvstendige studiar og akademisk refleksjon knytt til eigen og andre si praksis. Opptak er basert på ein bachelorgrad i medie- og interaksjonsdesign eller tilsvarande. Ytterlegare spesialisering skjer gjennom individuelt og kollaborativt arbeid knytt til masterprosjektet. Masterprosjektet er ein prototype, innhaldsproduksjon eller brukarstudie som blir akademisk evaluert gjennom ei individuelle eller gruppebasert masteroppgåve. Undervisninga er lokalisert i Media City Bergen.

Studiestart - semester

Haust

Kva kan eg bli

Yrkesvegar

Utdanninga sitt fokus på kombinasjonen mellom tradisjonelle og digitale media sikrar at du er godt førebua for ulike profesjonelle situasjonar og arbeidsoppgåver innan medie- og informasjonsbransjane, frå innhaldsproduksjon til teknisk arbeid.

Ein mastergrad i medie- og interaksjonsdesign kvalifiserer deg til ein profesjon som interaksjonsdesignarar eller designarar for brukaroppleving (UX), med særleg kompetanse innan media og teknologi. Du blir òg kvalifisert til jobbar innan kvalitetssikring, webdesign, front-end-utvikling, digital marknadsføring og konsulentarbeid knytt til digitale media. Ein mastergrad i medie- og interaksjonsdesign kvalifiserer òg til forsking og undervising innan digitale media, medieproduksjon, interaksjonsdesign og design for brukaroppleving (UX).

Vidare studium

Programmet kvalifiserer til PhD-studiar innan medieproduksjon, interaksjonsdesign, medievitskap, informasjonsvitskap og andre relaterte felt.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • har avansert kunnskap innan interaksjonsdesign og spesialisert innsikt innan interaksjonsdesign for mediefeltet.
  • har inngåande kunnskap om teoriar og metodar innan interaksjonsdesign, med særleg forkus på mediefeltet.
  • kan analysere brukarmønster og kva mediebrukarar og ¿praktikare treng når dei samhandlar med medieteknologi og -innhald.
  • kan analysere praktiske og teoretiske problemstillingar knytt til media og medieteknologiens rolle i samfunnet.
  • ha spesialisert kunnskap innan eitt av områda programmering, evaluering, interaksjonsdesign, eller innhaldsdesign.
  • kan utvikle programvare for interaktive medieløysningar.

Dugleikar

Kandidaten

  • kan skape og produsere ulike typar tekstleg, audiovisuelt og interaktivt medieinnhald på ein sjølvstendig måte.
  • kan i tråd med teori og praksis i interaksjondesign utføre brukarstudiar for å evaluere interaksjonsløysingar for media på ein sjølvstendig måte.
  • kan utvikle løysingar i tråd med teori og praksis frå informasjonsvitskap på ein sjølvstendig måte.
  • kan analysere og kritisk vurdere korleis interaksjonsdesign virkar inn på brukarane si oppleving av media, og på bakgrunn av dette formulere faglege resonnement.
  • kan analysere og evaluere etiske og juridiske aspekt knytt til interaksjonsdesign for media, med særleg fokus på opphavsrett, patentrett og designrett.
  • kan planleggje og gjennomføre sjølvstendige teambaserte prosjekt knytt til prototypeutvikling for nytt medieinnhald og nye interaksjonsløysingar i media under rettleiing i tråd med teori og praksis frå interaksjonsdesign.
  • kan kritisk reflektere over eigen designpraksis og foreslå alternative tilnærmingar, og kritisk vurdere eiget og andre sitt arbeid innan HCI, interaksjonsdesign og design for media.

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan kritisk analysere interaksjon, medieteknologi og ulike typar tekstleg, audiovisuelt og interaktivt medieinnhald
  • kan utføre uavhengig arbeid og samarbeide i team med oppgåver knytt til utvikling og utføring av prosjekt innan medieproduksjon
  • raskt omstille seg til nye utfordringar og tileigne seg ny profesjonell kunnskap, og nytte denne kunnskapen i uavhengig og kreativt arbeid knytt til design av brukaroppleving for media
  • kan kommunisere om faglege problemstillingar innan interaksjonsdesign

Oppbygging

Oppbygging av studiet

Masterprogram i medie- og interaksjonsdesign er totalt 120 studiepoeng og er sett saman av to delar: ein kursdel og ei masteroppgåve.

I første semester tar du INFO361 Research Topics in Human-Computer Interaction og MIX301 Brukaroppleving for media, som gir konkret teoretisk og praktisk erfaring med perspektiv frå brukaropplevingsfeltet (UX). Du får òg moglegheit til å gå djupere inn i eit av spesialiseringsområda interaksjonsdesign, grafisk design, testing eller programmering. I andre semester tar du MIX302 Forskingsdesign og feltstudiar, som gjer praktisk erfaring med etnografisk orienterte feltstudiar og gjer deg stand til å planleggje, utvikle og gjennomføre eit spesifikt masterprosjekt, enten aleine eller saman med andre.

I tredje og fjerde semester arbeider du med masterprosjektet, som kombinerer eit praktisk arbeid med vitskapleg rigiditet og refleksjon. Det praktiske arbeidet kan være ein prototype på ein praktisk applikasjon, men kan òg vere ei evaluering av eit interaktivt medium eller ein produksjonsstudie.

Masterprogram i medie- og interaksjonsdesign (krav 120 SP)
Obligatoriske emne i kursdelen (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MIX301Medieteknologi: teori og utvikling151
INFO361Research Topics in Human-Computer Interaction151
MIX302Forskingsdesign og feltstudiar302
Oppgåvedelen (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MIX350Masteroppgåve i medie- og interaksjonsdesign603–43
Rettleiingsavtale
Rettleiingsavtale skal inngåast innan 2. semester
Obligatorisk emne
Veiledningsavtale skal inngås innen 2. semester
Prosjektskildring for mastergradsprosjektet
Obligatorisk emne
Prosjektbeskrivelse, master
Fremdriftsrapport for sluttføringen av masterprosjektet
Obligatorisk emne
Fremdriftsrapport, master
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Korleis søke

Opptakskrav

For å kvalifisere til opptak til masterprogrammet i medie- og interaksjonsdesign må søkjarar ha ein bachelorgrad eller tilsvarande (til dømes cand.mag.) innan nye medier, interaksjonsdesign, informasjonsvitskap eller liknande fagfelt.

Søkjarar må ha minimum C som gjennomsnittskarakter i den faglege fordjupinga som utgjer opptaksgrunnlaget for å bli vurderte til opptak.

For søkjarar med bachelorgrad frå utlandet, andre norske utdanningsinstitusjonar eller andre fakultet ved Universitetet i Bergen, vil det bli gjort ei vurdering av det faglege innhaldet i graden. Søkjarar med eksterne bachelorgradar bør levere emnebeskrivingar av dei relevante emna i bachelorgraden. For alle søkjarar er det naudsynt med grunnleggande programmeringskompetanse.

Masterprogram i medie- og interaksjonsdesign blir i hovudsak undervist på norsk. Utanlandske søkjarar må derfor legge ved dokumentasjon på tilstrekkelege språkferdigheiter.

Det er avgrensa med plassar på masterprogrammet i medie- og interaksjonsdesign. Studiestart er kvart haustsemester.

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det samfunnsvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april. Dersom du har utdanning frå andre institusjonar enn UiB som inngår i det faglege opptaksgrunnlaget for masterprogrammet, må du søkje om innpassing innan 15. april. Det gjeld også utdanning som blir avslutta i inneverande semester. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på  http://www.uib.no/svf/38987/opptak-til-masterprogram

Studiestart - semester

Haust

master_mix.jpg

illustrasjonsbilde

Studere ved UiB?

Motta nyheter om studietilbud ved UiB, og få et gratis UiB-tøynett
Motta mer informasjon

Få mer informasjon om studier ved UiB

* obligatorisk felt

Hvilken grad ønsker du å ta?
Hva er du interessert i?