Hjem
Aktuelt
Studiestart 2020

Sigrid opna universitetsåret

Den verdskjente artisten Sigrid stod for eit av mange høgdepunkt under dagens digitale velkomstseremoni ved Universitetet i Bergen. Sjå bilete og opptak frå seremonien her.

Neste
Velkomstseremoni UiB
Artisten Sigrid song "Home to you" under årets velkomstseremoni ved UiB. Sjå fleire bilete ved å bla til høgre eller venstre.
Foto/ill.:
Ole Marius Kvamme, UiB
1/6
Velkomstseremoni UiB
Rektoratet og dekanar på veg inn i Universitetsaulaen til akademisk prosesjon.
Foto/ill.:
Eivind Senneset, UiB
2/6
Velkomstseremoni UiB
Studentkoret Sirenene.
Foto/ill.:
Eivind Senneset, UiB
3/6
Velkomstseremoni UiB
- Mitt aller viktigste råd for å trivast som student, er at de engasjerar dykk. Det finnast ei studentforeining som passar for alle, sa leiar av Studentparlamentet Sandra Amalie Lid Krumsvik
Foto/ill.:
Eivind Senneset, UiB
4/6
Velkomstseremoni UiB
- De er her i dag fordi de har valgt høgare utdanning, og eg trur de aldri kjem til å angre på det. Det å bli student er noko av det mest spennande og givande de kan gjere i livet. Og det er jo ekstra godt å gjere det i Bergen, sa statsminister og tidlegare UiB-student Erna Solberg i helsinga til dei nye studentane.
Foto/ill.:
Eivind Senneset, UiB
5/6
Velkomstseremoni UiB
Rektor Dag Rune Olsen applauderer Sigrid etter hennar opptreden.
Foto/ill.:
Eivind Senneset, UiB
6/6
Tilbake

- Det er både godt og spanande å endeleg kome i gang med studieåret, seier førsteårsstudentane Dorthe Helland, Synne Aamodt (begge sosiologi) og Mari Bårdsen (samanliknande politikk). 

Dei har akkurat flytta inn i eit kollektiv saman, og ser no fram til å bli betre kjent med medstudentar og Bergen.

- Det var ein veldig fin seremoni, med flotte talar og nydeleg song frå Sigrid. Samstundes var det høgtideleg, med fanfare og innmarsj. Så var det kjekt med helsing frå Erna Solberg, seier dei tre studentane, som no ser fram til å ta fatt på fadderveka i strålande sol i Bergen.

Digital velkomstseremoni

Grunna koronaviruset vert det ein spesiell studiestart ved UiB. Det viste også igjen under årets velkomstseremoni. Til vanleg samlar tusenvis av studentar seg på Muséplass for opninga av eit nytt universitetsår. Grunna smitteomsyn som følgje av koronautbrotet, var årets velkomstseremoni ein digital produksjon, med eit begrensa tal på plassar i Universitetsaulaen.

I løpet av seremonien vart det både helsing frå statsminister og UiB-alumn Erna Solberg, song frå studentkoret Sirenene, og talar frå både rektor Dag Rune Olsen, leiar av Studentparlamentet, Sandra Amalie Lid Krumsvik og ordførar Marte Mjøs Persen.

Programmet var leia av TV2-nyhetsanker Siri Kleiven Strøm.

Spesielt semester

Koronaviruset vil også sette sitt preg på semesteret vi no går inn i. Rektor Dag Rune Olsen fokuserte i sin tale på at internasjonalt samarbeid og utveksling av kunnskap er viktig i kampen mot koronaviruset, og at pandemien har vist kor viktig kunnskapen som kjem frå universiteta er.

- Våre medisinske og helsefaglige miljø er nok å regne som førstelinjeforsvaret i møte med denne krisa. Det såg vi til dømes då mange av våre legestudentar melde seg frivillig til beredskapen i Bergen. Men ein pandemi har konsekvensar utover det reint medisinske – og difor trekkjer vi på breidda av vår faglege innsikt for å forklare og handtere, sa Olsen.

UiB-rektoren sa at årets seremoni er ekstra spesiell også for han personleg, då det er Olsen sin siste velkomstseremoni som UiB-rektor.

- Det å være leiar for eit universitet fører med seg mange spanande oppgåver innan til dømes internasjonal nettverksbygging, dialog med politikarar og andre beslutningstakarar nasjonalt og internasjonalt, utvikling av forskningsmiljø og utdanningstilbod som er viktig for samfunnet. Men aller morsomst har det likevel vore å møte og samarbeide med dykk som er studentar, sa han.

Stå saman - men hald avstand 

Leiar av Studentparlamentet, Sandra Amalie Lid Krumsvik, fokuserte i sin tale til studentane på at det er viktig å stå saman - men halde avstand - i tida som kjem. 

- Pandemien har truffe oss studentar hardt. Fleire av oss har hatt det vanskelig, og vi studentpolitikarar vil fokusere på det framover. Likevel er ikkje dette noko vi tillitsvalde kan gjere aleine. Vi må jobbe saman, men med litt meir avstand. For det er nettopp avstand som tillet oss å vere saman. Avstanden gjer at det er ekstra viktig at vi huskar på å vere der for kvarandre. Vi skal støtte opp og være merksame, vi skal sjå til den venen som sit åleine på hybelen. Saman kjem vi gjennom det her, sa ho.