Hjem
UiBs Brussel-kontor
Fasilitetane du kan nytte hos oss

Fasilitetar tilgjengelege for UiB ansatte

UiBs Brusselkontor er samlokalisert med NTNU, SINTEF og NORCE sine kontor på NOHRI (Norwegian House of Research and Innovation). Våre fasilitetar er tilgjengelege for UiB sine ansatte etter avtale med UiB sitt Brusselkontor sine ansatte.

Hovedinnhold

Brusselkontoret har tilgang til to kontorplassar, som kan nyttast som base for alle ansatte hos Universitetet i Bergen når dei arbeidar frå Brussel. Desse plassane inkludera alt ein måtte trenge for å arbeide komfortabelt over ei lengre periode. For å forhøyre deg om desse plassane kan du ta kontakt med Charlotte Eide, kontorsjef, eller studentpraktikantane på kontoret med alle spørsmål du måtte ha. Her treng ein ikkje å nøle! 

UiBs Brusselkontor har og to fullutstyrte møterom tilgjengeleg for alle aktørar hos Universitetet i Bergen som kan takast i bruk for møter, seminar og event i Brussel. Desse to romma, Fjord og Foss, kan kombinerast til eit større møterom for eventer som treng større plass eller brukast kvar for seg. For å booke desse romma, venligst ta kontakt med Charlotte Eide, kontorsjef, eller studentpraktikantane.

Våre møterom: 

Foss

Foss, vårt minste møterom, passar for grupper med opp til 18 deltakarar som treng bordplass til kvar enkelt, eventuelt for 36 deltakarar i eit teater-oppsett med kunn stolar. Møterommet har og tilgang til følgande: 

  • 2 mobile monitorar 
  • 1 kamera
  • 3 handsfree mikrofonar
  • 1 takmikrofon
  • 4 tak høgtalarar
  • HDMI/USB tilkopling, Clickshare
  • Gjestenettverk og eduroam tilgang 
  • Opp til 24 bord med USB og strømtilgang, kan komfortabelt romme 9
  • Opp til 88 stolar, kan komfortabelt romme 36 

Fjord

Fjord, vårt største møterom, er passande for grupper med opp til 24 deltakarar som treng bordplass til kvar enkelt, eventuelt 48 deltakarar i eit teater-oppsett med kunn stolar. Møterommet har og tilgang til følgande: 

  • 2 store monitorar
  • 2 små mobile monitorar 
  • 1 kamera 
  • 3 handsfree mikrofonar
  • 6 høgtalarar 
  • HDMI/USB tilkopling, Clickshare
  • Gjestenettverk og eduroam tilgang 
  • Opp til 24 bord med USB og strømtilgang, kan komfortabelt romme 12
  • Opp til 88 stolar, kan komfortabelt romme 40

Kombinert

Det er og mogleg å kombinere desse to romma. For å sikre god luftkvalitet gjennom arrangement er dette kombinerte rommet for augeblikket passande for opp til 40 deltakrar (mogleg fleire ved kortare møter). Det vil om kort tid vere mogleg for fleire mennesker å ta i bruk møterommet ettersom tiltak er satt i verk for å auke luftkvaliteten i romma. 

Møterommet har og tilgang til følgande:

  • 2 store monitorar
  • 2 små mobile monitorar
  • 2 kamera
  • 3 handsfree mikrofonar
  • 2 tak høgtalarar
  • 10 høgtalarar 
  • HDMI/USB tilkopling, Clickshare
  • Gjestenettverk og eduroam tilgang 
  • 88 stolar
  • 24 bord med USB og strømtilgang 

Catering 

Catering/lunsj kan arrangerast i ulike prisklassar, med alt frå enkel brødmat til finare middagar i gåavstand. 

  • El Turco, Middelhavs-restaurant som og levera
  • Kamilou, levera eit måltid (quice + 2 typer salat + dessert)
  • Les Frères Debekker, litt finare lunsj, ("walking lunch" med supper, buffet, etc.) det følger med ein servitør 
  • For catering/lunsj, så er det best å avtale gjennom mail, skriv ned det du måtte ynskje for å unngå misforståingar. Det er og enklare for dei i tilfelle dei ikkje pratar så godt engelsk. Dei akseptera kredittkort, og nokre krever at du betalar på førehand før dei levera. 

Middag. Det er anbefalt å unngå område rundt REA (Research Executive Agency) på kveldstid. Men, å ta seg til bykjerna tar ikkje lang tid. 

For middag, som ved lunsj, er det best å avtale gjennom mail, skriv ned det du måtte ynskje for å unngå misforståingar. Det er og enklare for dei i tilfelle dei ikkje pratar så godt engelsk.