Hjem
Centre for Cancer Biomarkers
Forskarlina

Gode erfaringar med forskarlinestudentar

Sidan CCBIO blei etablert for fem år sidan, har 17 forskarlinestudentar vore knytt til senteret sine forskargrupper, og fleire har gått direkte vidare til ph.d.-graden. Studentane som deltek i programmet er genuint interesserte og dedikerte, men også heilt utan forskingserfaring og treng mykje oppfølging i starten. CCBIO har likevel svært gode erfaringar med å ta inn forskarlinestudentar i sine forskingsgrupper.

Young researchers in the lab.
Foto/ill.:
CCBIO/Ingvild Festervoll Melien

Gruppeleiar for Prostate Cancer Therapy Research Group Karl-Henning Kalland har hatt fire forskarlinestudentar så langt i si gruppe. 

– Sjølv om vår gruppe har hatt krevjande eksperimentelle prosjekt med laboratoriearbeid og mange metodar, er mi erfaring som prosjektleiar og hovudvegleiar absolutt positiv, fortel han. – Forskarlinestudentane har spelt ei aktiv rolle i miljøet og bidrege med idéar, arbeidsinnsats, publikasjonsskriving og presentasjonar på konferansar og lokalt. Dette har utan tvil gjeve eit svært godt grunnlag metodologisk og erfaringsmessig for vidare forsking i karrieren, seier han.

Betre tilrettelegging for forskarkandidatar

På 1990-talet var talet på utdanna medisinarar som valde ei akademisk karriere minkande. Som eit svar på problemstillinga oppretta dei fire medisinutdanningane i Norge forskarlina i samarbeid med Norges Forskningsråd. Professor Kalland reflekterer over korleis utviklinga har vore gjennom åra. 

– Då eg sjølv var medisinstudent, var interessa for forsking svært sprikande i studentkullet, men ei undergruppe av medisinstudentane hadde større interesse for å forstå mekanismar og det ukjende utover pensum. Den gong, rundt 1980, måtte studentane på eige initiativ ta kontakt med ein professor og be om ei forskingsoppgåve ved sidan av medisinstudiet utan noko organisert samordning, fortel han.

– Forskarlina er heilt klart eit framsteg både for dei medisinstudentane som har anlegg og interesse for forsking og for forskingsgruppene som kan få presentere sine prosjekt, oppnå kontakt med studentane og få til ei ordna gjennomføring som er koordinert med studiet. Dette gjev studentane, som naturleg nok ofte er usikre på kva forsking faktisk inneber, ein sjanse til tidleg å finne ut kva som passar med deira interesser og ambisjonar. Det er gunstig for den kreative forskingsprosessen å kome i gang med problemstillingane i så ung alder som mulig, slår Kalland fast.

Ein oase for komande forskingstalent

CCBIO har som ein av sine målsetnader å få fram unge talent. CCBIO eignar seg svært godt for forskarlinestudentar, meiner Kalland. 

– Det er gode forskingsgrupper og ambisiøse prosjekt i porteføljen til CCBIO og ein ambisjon og eit krav om "eksellent forsking", forklarar han. – Problemstillingane er utfordrande, men svært viktige for måten kreft skal bli diagnostisert og behandla på i framtida. Dei ulike gruppene i CCBIO spenner over problemstillingar frå det heilt basale, gjennom translasjon til utprøvande ny kreftbehandling og sosiale og etiske spørsmål. Dette er heilt klart ein oase for medisinstudentar som har interesse for forsking. CCBIO har bidrege sterkt til forskarlina gjennom dei kursa som blir arrangert som grunnlag for obligatoriske studiepoeng i forskarlina.

Leiar av CCBIO sin forskarskule Elisabeth Wik er også vegleiar for fleire forskarlinestudentar og seier seg einig med Kalland. 

– Eg meiner at CCBIO er ei særs god ramme med gode miljø for forskarlinestudentar, seier ho. – I CCBIO er det er mogleg med prosjektsamarbeid på tvers av forskingsgrupper og fagkompetanse. I tillegg gjev CCBIO sin forskarskule brei kursutdanning og interaksjon med andre forskarline- og ph.d.-studentar, og trening i å presentere eigne prosjekt. CCBIO/INTPART-prosjektet vi har hatt nokre år har også gjeve fleire forskarlinestudentar mogelegheiter til å delta i eit "lab visit program" i samarbeid med the Vascular Biology Program ved Boston Children’s Hospital og Harvard Medical School, fortel ho.

Viktig å vise veg

Det krev likevel litt av ein vegleiar.

– Det krev god vegleiing i dei tidlege åra, forklarar Wik. – Både gjennom tilpassa startprosjekt, møte utfordringar undervegs og å la studentane få sjansen til å «flyge», seier ho. – Det er viktig at vi som vegleiarar viser veg i forskinga og ikkje berre kontrollerer at arbeidet blir gjort, presiserer ho vidare. – Ein viktig del av introduksjonen til forsking er å tydeleggjere betydinga av refleksjon rundt litteraturen ein les, eige arbeid og forskingsfunn ein gjer. Får vi dette til, bidreg vi til at legane og tannlegane som blir utdanna står enda sterkare rusta til å bidra til solid fagutvikling i sine respektive fagfelt – og med eit potensiale til å bli sterke akademikarar, slår ho fast. 

God førebuing til ph.d.

Hilde Renate Engerud er ein av studentane som har vore gjennom forskarlineprogrammet, knytt til CCBIO, og som gjekk vidare på ph.d. Ho såg på forskarlina som eit unikt høve til å tileigne seg kunnskap om forsking veldig tidleg i yrkeskarrieren og få ekstra ballast og fleire synsvinklar for studiet vidare, og i framtidig jobb som lege. 

– Eg gjekk vidare på ph.d. etter studiet og forskarlina var definitivt avgjerande for dette valet, fortel ho. – Eg hadde eit godt prosjekt med solide vegleiarar og ønska å ta ein ph.d. nettopp fordi forskarlina hadde introdusert meg for dette allereie. Utan forskarlina hadde eg nok ikkje gått rett på ph.d. i etterkant av medisinstudiet, reflekterer ho.

Hilde meiner også at ho fekk klare fordelar som stipendiat etter å ha gått på forskarlina. – Eg hadde allereie éin publisert artikkel som skulle inngå i graden og eg var godt kjend med gruppa. Dessutan jobbar ein med prosjektet sitt over mange år ettersom ein har forskarlina med seg inn i stipendiat-perioden, og desto lengre tid får ein for tileigning av kunnskap og modning. I løpet av forskarlina fekk eg bidra på lab og innhente kliniske data. Eg produserte ein artikkel som førsteforfattar og hadde nokre medforfattarskap. Eg reiste på konferansar og fekk god trening i å presentere, fortel ho. Faktisk i så høg grad at ho deltok i årets Forsker Grand Prix som ein av dei ti kandidatane frå Bergen.

Amalie Svanøe nærmar seg slutten på sin periode som forskarlinestudent. Ho såg på forskarlina som ein sjanse til å sette seg djupare inn i eit spennande fagfelt. – Eg føler det å ha gått forskarlina gjer terskelen vidare til ein ph.d. mykje mindre enn dersom ein berre går det ordinære medisinstudiet. Når ein allereie har starta med forsking og er med i ei gruppe i løpet av studiet vil ein vite meir om kva ein går til og kan forvente som ph.d.-kandidat. Eg trur difor det blir ei lettare avgjerd å ta, seier ho.

Deltaking på internasjonale konferansar førte også til pris for muntleg presentasjon for Amalie. Amalie er også ein av forskarlinestudentane som fekk høve til å delta i CCBIO/INTPART-prosjektet med utplassering hos Vascular Biology Program ved Boston Children's Hospital i Boston. Saman med henne i Boston var også Martha Rolland Jacobsen, som no nyleg er ferdig som forskarlinestudent. Ho starta på forskarlina motivert av vitskapeleg nysgjerrigheit.

– Allereie første veka på odontologistudiet fekk vi informasjon om denne moglegheita, og eg visste veldig tidleg at eg ville gjere det. Eg har alltid vore nysgjerrig og vitelysten, og eg kunne ikkje la høvet til å fordjupe meg i eit sjølvvald prosjekt gå frå meg, fortel ho. Det har likevel ikkje vore heilt som ho såg føre seg. 

– Prosjektet mitt begynte fint og roleg, men det blei ei utfordring med mange involverte personar, tidkrevjande oppgåver og vanskelege avgjerder. Prosjektet er faktisk framleis ikkje heilt fullført, men eg håper det er noko eg får høve til å jobbe vidare med. Så på den eine sida har det blitt mykje meir arbeid og mykje meir utfordrande enn eg såg føre meg, men på den andre sida har eg lært ca. ti gonger så mykje som forventa!

Martha valde å ikkje søkje på ph.d. då ho var ferdig med studiane i juni. – Å vere forskarlinestudent er beintøft, men eg merka at jo meir intenst det blei med prosjektet og di meir innsats eg la inn i det, di betre gjekk det på odontologistudiet mitt. På slutten av studiet var det om å gjere å kombinere prosjektet mitt med masterskriving, utfordrande pasientkasus og teoretiske krav på odontologistudiet. Etter fem år på høggir hadde eg behov for å ta eit steg tilbake, og enda opp med fast stilling som tannlege i det offentlege i Sunnfjord, fortel ho. Ho kjenner likevel på at ho allereie saknar ein del av akademia. – Forskarlina viste meg kor fantastisk det er å vere ekspert på sitt eige felt og å lære noko nytt kvar dag. Samtidig lærte eg også kor frustrerande det er når ting står stille og ein ikkje kjem vidare. Men eg ser ikkje vekk frå at eg kjem attende til forsking på ein eller annan måte etter kvart, avsluttar ho.

Nye krefter

Ulrikke Hugaas er ein av dei heilt nye forskarlinestudentane som er knytt til CCBIO. Ho fekk si første eldprøve som deltakar og talar på eit møte på Island mellom CCBIO og Harvard Medical School/Vascular Biology Program i haust i INTPART-programmet. Ulrikke tykkjer det er motiverande å jobbe mot eit konkret mål og med eit prosjekt som forhåpentlegvis kan bety noko for framtidige pasientar når kvardagen elles i studiet består mykje av pugging.

– Eg trur ikkje det finnast ulemper ved forskarlina som ikkje vegast opp av fordelar, seier ho. – Det kan sikkert vere både skremmande og einsamt nokre gonger, men det er sunt å verte utfordra, og det er få studentar som får smake på det å ta ansvar for eiga utdanning på same måte som forskarlinestudentar. Ein får uansett ei heilt anna oppfølging enn det ein ville fått dersom ein skulle starta med forsking først etter medisinstudiet, meiner ho. 

Ulrikke er allereie fast bestemt på å arbeide mot ein ph.d.-grad, og då kan vi berre konkludere med at ho er på rett veg og på rett stad.