Hjem
Senter for internasjonal helse
NYHET FRA PÅ HØYDEN

Heidra med gull

Professor og overlege Knut Wester har vorte heidra med Kongens fortenstmedalje i gull. Utmerkinga fekk han for si verksemd innan nevrokirurgien og sitt engasjement for fagfeltet i Etiopia.

Torsdag fekk professor og overlege Knut Wester ved nevrokirurgisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus, eit handfast bevis på kor mykje arbeidet hans innanfor nevrokirurgien har betydd for pasientane gjennom ei lang karriere.

– Du har betydd enormt mykje for nevrokirurgi som fag, for Haukeland universitetssjukehus og ikkje minst for pasientane. Det er ikkje mange som har sett så sterke spor på dette sjukehuset i vår historie som du. Dette heidersbeviset er det få som fortener betre, sa Stener Kvinnsland, administrerande direktør i Helse Bergen, ifølge Helse Bergen sine nettsider.

Synleggjering
Knut Wester starta si forskarkarriere innan nevrofysiologi. I 1978 byrja han ved Rikshospitalet, og sidan den gong har nevrokirurgien stått i høgsetet for Wester. I 1986 vart han overlege ved Nevrokirurgisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus. I løpet av dei første åra i Bergen jobba Wester for å synleggjere at det nevrokirurgiske tilbodet utanfor hovudstaden var uforsvarleg lågt, og han tok opp kampen for å styrke nevrokirurgien på Vestlandet.

Det kliniske vitskaplege arbeidet med intrakranielle cystar har gjort Wester til ein leiande kapasitet internasjonalt. Han har også hatt ei rekke tillitsverv innan norsk og skandinavisk nevrokirurgi.

Engasjement for Etiopia
Dei siste åra har Wester lagt ned ein stor innsats for å betre tilhøva for nevrokirurgien i Etiopia. For fem år sidan hadde det fattige landet med om lag 90 millionar innbyggjarar berre tre nevrokirurgar. Mangelen på nevrokirurgar førte til at befolkninga ikkje fekk behandling for tilstandar og skader som det ville ha vore sjølvsagt å få behandling for i Noreg.

Wester har ikkje berre utført operasjonar i Etiopia, men også vore ei drivkraft for eit utdanningsprogram for unge spesialistkandidatar innan nevrokirurgi, ifølge Helse Bergen sine nettsider. Desse kandidatane har ikkje berre fått kirurgisk kompetanse, men også vorte kvalifiserte til å utdanne andre etiopiske legar etter same modell. Dette utdanningsprogrammet kan no verte utvida til fleire etiopiske universitetsklinikkar, og organisasjonsmodellen kan også bli eit mønster for andre helsefag.