Hjem
Institutt for økonomi
News

Fekk pris for god undervisning

Førsteamanuensis Astrid Louise Grasdal og Ivar Gaasland mottok studentane sin heiderspris for god undervisning i vår. Begge får skryt av studentane for å formidle faget på ein god måte.

Ivar Gaasland og Astrid Grasdal ved Institutt for økonomi, UiB
Foto/ill.:
John Ivar Sunde

Hovedinnhold

Førsteamanuensis Astrid Louise Grasdal fekk prisen for undervisning i emnet "Anvendt arbeidsmarkedsøkonomi". I grunngjeving av prisen har studentane lagt vekt på at Grasdal er strukturert og flink til å motivere studentane i sine førelesingar. I tillegg får ho skryt for å bruke dagsaktuelle eksempel i undervisninga, noko som ifølgje studentane gjer pensum ekstra spanande.

 

Grasdal, som i haust underviser i "Statistikk og økonometri", meiner det er kjekt og nyttig med tilbakemeldingar frå studentane:

- Eg likar godt å undervise og forsøker å ta tilbakemeldingar fra studentevalueringar, både ros og ris, med i førebuinga av nye forelesingar og undervisningsopplegg. Det er sjølvsagt stor stas å få ein sånn pris som anerkjenning for dette arbeidet, seier Grasdal.

 

- Framstiller faget på ein god måte

Førsteamanuensis Ivar Gaasland fekk pris for undervisning i emnet "Næringsstruktur og internasjonal handel". Han får skryt av studentane for å gje oversiktlege og gode notatar. Gaasland får i tillegg ros for å framstille faget på ein god og forståeleg måte, og gjere pensum lett fordøyeleg.

 

- Det var veldig kjekt å få anerkjenning frå studentane. Eg har undervist to semester ved instituttet (samme kurset begge gonger), og som fersk foreleser synast eg det har vore nyttig med evaluering av undervisninga, seier Gaasland, som i haust underviser i emnet "Velferdsstatens økonomi".

 

God kvalitet på undervisninga

Alle studentar ved Institutt for økonomi kan vere med å nominere kandidatar til forelesingsprisen. Det er fagutvalet ved Institutt for økonomi som deler ut prisen. Undervisninga ved Instituttet får ofte gode tilbakemeldingar, deriblant har bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi fått svært god score i Studiebarometeret 2014.