Hjem
Institutt for økonomi
Nyhet

Suksessfullt samarbeid

I ein fersk evaluering blir Senter for konkurransepolitikk (BECCLE) omtalt som ein suksess. Evalueringskomiteen peikar på at senteret har eit høgt aktivitetsnivå og tverrfagleg samarbeid som stimulerer til solid forskingsaktivitet.

BECCLE bygning

Formålet med stiftinga av BECCLE var mellom anna å samle og styrke den konkurransepolitiske kompetansen og såleis kunnskapsgrunnlaget for konkurransepolitikk i Noreg. I tillegg skulle senteret gjennom tverrfagleg samarbeid sikre at fagmiljøa tilknytt senteret hadde ein felles plattform for fagleg diskusjon og rekruttering.

 

Hovudkonklusjonen i evalueringsrapporten er at senteret suksessfullt har oppnådd sine mål. Senteret får i tillegg skussmål for eit høgt aktivitetsnivå. BECCLE organiserer mellom anna jamlege seminar og konferansar, utviklar nye kurs og deltek aktivt i den offentlege debatten i Noreg. Rapporten trekk i tillegg fram at forskarane i BECCLE er høgt kvalifiserte, som ofte publiserar i tidsskrift innanfor konkurranserett og konkurransepolitikk. 

 

Dagleg leiar for BECCLE, professor Tommy S. Gabrielsen, er svært nøgd med rapporten.

- Vi synes selvsagt det er svært hyggelig å få en slik positiv tilbakemelding på arbeidet vi har gjort så langt. Dette stimulerer oss til å fortsette arbeidet med å skape sterke fagmiljøer i konkurranserett og konkurranseøkonomi i Bergen, og vi håper at selvsagt at eierne følger dette opp på de måtene de kan. Både Konkurransetilsynet og den nye klagenemnda for konkurransesaker ble lagt til Bergen med henvising til sterke og relevante fagmiljøer lokalt.

 

Den eksterne rapporten er utarbeida av professor Lars Henriksson (Handelshøgskolen i Stockholm), professor Thomas Rønde (Handelshøgskolen i København) og Karin Stakkestad Laastad (juridisk direktør i Konkurransetilsynet).