Hjem
Historie
Studier

Studieinformasjon historie

Velkommen til historie ved Universitetet i Bergen

Klokker
Velkommen til historie ved UiB!
Foto/ill.:
Jon Tyson på Unsplash

Hovedinnhold

Historie er faget om fortida til menneska – om samhandling og konflikt i ulike samfunn frå antikken til i dag, lokalt, regionalt, nasjonalt og globalt. Faget handlar om kulturell, sosial, politisk og økonomisk utvikling over tid, og om kva klasse, nasjonalitet og etnisitet, alder og kjønn har å seie for samfunnsutviklinga.

Historie er den viktigaste orienteringsreiskapen menneska og samfunn har i tid: Ved å kjenne til og forstå utviklingstrekk i fortida, forstår vi også betre verda i dag, og vi står dermed betre rusta til å gjere gode val for framtida.

Historiefaget gjev kunnskap om og innsikt i viktige sider ved samfunnsutviklinga, i og utanfor Noreg, i eldre og moderne tid. I tillegg gjev historiefaget innsikt i korleis historikarane arbeider med å skaffe og skape kunnskap om fortida, og korleis ulike metodiske tilnærmingar påverkar tolkinga av og kunnskapen om fortida.