Hjem
Historie
Studieretning

Midtaustens historie

Innanfor bachelorprogrammet kan du spesialiere deg i Midtaustens historie

Marked i Marrakesh
Foto/ill.:
Annie Spratt on Unsplash

Hovedinnhold

Dette er ei spissing av historiefaget der du fokuserer på den arabiske og islamske verda, frå Muhammad og fram til i dag. At Midtausten og islam har stor innverknad på samfunn og politikk i dag, er ikkje vanskelig å sjå. I denne spissinga får du innføring i bakgrunnen for dagens utvikling, men også oversikt over den variasjonen og spennvidda som vi finn innan dette områdets historie og kultur.

Tilbodet i Midtaustens historie består av tre ulike emner, kvart på 15 studiepoeng. I det første får du eit oversyn over regionens historie frå islams oppkomst og fram til idag. I andre semesteret samler vi oss om den moderne historia etter 1880, og går da djupare inn på tre land (Irak, Sudan og Tunisia). Det tredje emnet er eit fordjupingsemne, der vi tar opp skiftande tema år for år. I dei siste åra har vi tatt opp tema som Palestina-konflikten; islam i Afrika, islamsk lov i samfunnet, og andre. Du kan også skrive bacheloroppgåva (HIM250) med tema frå Midtaustens historie, som gir eit godt grunnlag for et masterstudium på denne regionen.

Studentar som ønsker å fordjupe seg på denne regionen kan også mellom sine frie 60 studiepoeng velge relevante emner frå andre fag, slik som religionsvitskap (islam), Midtaustens arkeologi, eller arabisk. Det er også mulig å ta eit studieopphald i eit land i Midtausten innanfor bachelorgraden.