Hjem
Historie
Emner

Temaomtale HIM101

Oversikt over Midtaustens historie

Gamalt kart over midtausten
Foto/ill.:
Magnus Halsnes

Hovedinnhold

HIM101 skal gje studentane grunnleggande kunnskapar om dei viktige fasane og dei lange linjene i Midtaustens historie frå 600-talet og fram til i dag. Vidare skal studentane få innsikt i karakteristiske trekk ved statsdanningar, dertil religiøs, økonomisk, kulturell og sosial utvikling. Dette vil gjere studentane betre i stand til å forstå Midtausten i dag. Til sist vil studentane få grunnleggande innsikt i historisk teori og metode.

I dette emnet vil vi utforske verktøy og omgrep som vi kan nytte til å forstå Midtausten både historisk og i kontekst av dei utfordringane som regionen står overfor i dag. Vi startar med å utfordre kva, kvar og kven Midtausten er og korleis geografiske omgrep har endra seg over tid.

Emnet gjev studentane eit oversyn over Midtaustens historie frå islam si tidlege tid og fram til i dag. Midtausten er her definert som området frå Nord-Afrika til Iran, men studentane vil òg bli introduserte til Midtaustens rolle i global og transnasjonal samanheng, både historiske og i dag.

Emnet legg særleg vekt på den politiske historia og dei lange linjene. Utviklinga av islam som religion og sosio-politisk normsystem står sentralt, i tillegg til kulturhistoriske og økonomiske tema, kolonialisme og imperialisme, ulike former for nasjonalisme i Midtausten og spørsmål om sjølvbestemming, rettferd og demokrati. Vi vil òg sjå nærare på nokre av de sosiale rørslene som gjennom Midtaustens historie har søkt å endre hierarki basert på religion, rase, klasse, kjønn og statsborgarskap.