Home
History

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Emner

Temaomtale HIM101

Oversikt over Midtaustens historie

Gamalt kart over midtausten
Photo:
Magnus Halsnes

Main content

HIM101 skal gje studentane grunnleggande kunnskapar om dei viktige fasane så vel som dei lange linene i Midtaustens historie frå 600-talet og fram til i dag. Vidare skal studentane få noko innsikt i karakteristiske trekk ved statsdanningar, administrasjon, politikk, samfunnstilhøve og islams utvikling. Dette vil gjere studentane betre i stand til å forstå Midtausten i dag. Til sist vil studentane få grunnleggande innsikt i historisk teori og metode.

Emnet gjev studentane ein oversikt over Midtaustens historie frå 600-talet fram til i dag. Midtausten er her i hovudsak definert som området frå Nord-Afrika til Iran.

Emnet legg vekt på den politiske historia og dei lange linene. Utviklinga av islam som religion og sosio-politisk normsystem vert òg studert, i tillegg til utvalde kulturhistoriske og økonomiske tema.

Det overordna perspektivet vil dels vere orientert mot dei langvarige strukturane, dels mot viktige endringsprosessar og dels mot aktørane på gruppe og individnivå.