Hjem
Historie
Emner

Temaomtale HIM103

Islam og politikk

Ein gut held opp ein plakat av Muhammad Morsi, Egypts tidlegare president.
Foto/ill.:
flickr/ Bora S. Kamel

Hovedinnhold

Forholdet mellom islam og politikk er eit av dei mest omdiskuterte områda i moderne tid. I HIM103 skal vi tilnærme oss temaet historisk, og sjå på ulike måtar for politisk ideologi og praksis basert på islam.

Vi tar utgangspunkt i klassisk politisk teori, og fokuserer deretter på ulike former for islamisme i nyare tid, med vekt på dei ulike hovudretningane innanfor islamismen: tradisjonen til det Muslimske Brorskapet i Egypt og andre land, den meir konservative salafismen, og dei som bygger militant aktivitet på islam.

Målet med emnet er å vise variasjonen innanfor det vi kallar «islamisme», men også sammenhengar i teori og historie. Vi vil vise både på kva måte «islamisme» og «politisk islam» bygger på idear som ligg bygd inne i den islamske tradisjonen, og også korleis dei ulike uttrykka for politisk islam er eit resultat av ein historisk kontekst og ytre politiske forhold i ulike sammenhengar.