Hjem
Historie
Emner

Temaomtale HIS130

Talerstolen i Athens folkeforsamling.
Talerstolen i Athens folkeforsamling.
Foto/ill.:
Ingvar B. Mæhle

Hovedinnhold

Tema høsten 2026:

Idéar, politikk og samfunn i antikken 

Kvifor har samfunn som for lengst har gått under, framleis makt til å forme måten vi tenkjer om politikk, demokrati og menneskeverd? Den greske og romerske antikken, ca. 3000 fvt.–600 evt., romma eit mangfald av samfunnstypar, frå små bystatar til verdsomspennande imperium, og var ein arena for intense refleksjonar over styreformer, makt og fellesskap. Samstundes konfronterer antikken oss med dunklare sider av historia: kvinneundertrykking, slaveri, rasisme og kolonial dominans. 

Hausten 2026 flyttar vi blikket til Sparta. Vi byrjar med å undersøkje korleis den greske antikken -og Sparta spesielt - har blitt framstilt i nokre skandinaviske skulebøker, med mål om å forstå kva slags bilete som blir vidareført, kva som blir tona ned, og korleis moderne verdiar pregar formidlinga av fortida. Dette gir eit viktig utgangspunkt for vidare kronologisk og tematisk fordjuping i den greske sivilisasjonen, frå framveksten av bystatane på 700-talet fvt. til den greske verdas innlemming i det romerske imperiet på 100-talet fvt. Til slutt går vi tett på Sparta sjølv, slik byen trer fram i dei antikke kjeldene, gjennom nærlesing av Plutarks biografiar over kjende spartanarar, supplert av Xenofons og Aristoteles’ analysar av det spartanske samfunnet – og spør kva vi eigentleg kan vite om byen bak myten.