Home
History

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Emner

Temaomtale HIS130

Politiske system i antikken

Talerstolen i Athens folkeforsamling.
Talerstolen i Athens folkeforsamling.
Photo:
Ingvar B. Mæhle

Main content

HIS130 tilbys dessverre ikke høsten 2021.

 

Omgrepet ”politikk” kjem av det greske ordet for bystat, polis. I ein periode på 1250 år (omkring 750 f.v.t. – 500 e.v.t.) var Middelhavet og Svartehavet omkransa av slike sjølvstyrte byar, med eit relativt lite jordbruksoppland, og ofte såpass få borgarar at dei kan karakteriserast som ”face-to-face societies”. Denne utbreiinga av greske, fønikiske, etruskiske og latinske bystatar var dels eit resultat av befolkningskonsentrasjon og befolkningsvekst, dels eit resultat av kolonisering, der allereie eksisterande bystatar ”eksporterte” si overtallige befolkning til nye område, og kolonistane skapte nye sjølvstyrte byar, ofte på dei ikkje-urbaniserte innfødde sin kostnad.

Her gjennomførte ein gjennom fleire hundre år både fredelege og valdelege eksperiment med variantar av einevelde (monarki/ tyranni), fåmannsvelde (aristokrati/oligarki) og folkestyre (demokrati). Emnet er eit samanliknande (komparativt) studium av desse styreformene, og prosessane som skapte og opprettheldt dei, med hovudvekt på de fire mest kjente bystatane; Athen, Sparta, Syrakus og Roma.

Tema hausten 2020

Hausten 2020 vil fokuset vere på tre hovudområder:

  • Demokrati, oligarki og «blandingsforfatninger» i antikken
  • Kvinner i antikkens demokrati
  • Moderne demokrati og den antikke arv

Vurdering

Emnet har tre skriftlege innleveringar undervegs, der du kan rette på dei to første etter studentkommentarar (les meir om dette i emneomtalen for HIS130). Kvar student skal kommentere totalt 4 oppgåver, fordelt på dei 2 første innleveringane. Før du kommenterer, vil det gjennomførast et oppgåveseminar med faglærar, slik at du betre kan gje kvalifiserte tilbakemeldingar, og vurdere dei kommentarane du sjølv får. Den tredje oppgåva leverast altså berre ein gong. Vurderinga av dei ferdige oppgåvene er grunnlaget for karakteren. 

Undervising hausten 2020 (NB: Nettundervisning)

HIS130 er eit pilotemne, der vi prøver ut ulike former for studentaktiv læring. Hausten 2020 vil all undervisning gjennomførast digitalt på emnets side i Mitt UiB. Emnet har 80 prosent obligatorisk oppmøte, dette for å få den aktive deltakinga til å fungere.

Denne hausen vil oppmøtet reknast som deltaking ikkje berre i sanntids undervisning og seminar på nett, men også i diskusjonar, individuelle oppgåver, gruppeoppgåver, og førebuing med å sjå undervisningsvideoar og svare på kontrollspørsmål. Dersom ein ikkje kan delta på ein del av den obligatoriske undervisninga i ein modul, kan ein kompensere for dette gjennom deltaking i andre, ikkje-obligatoriske delar av vekas oppgåver. Fritak for deler av 80% kravet kan også gis mot legeattest og liknande dokumentasjon.

Dette er eit emne som krev noko av deg frå første dag, og gjennom hele semesteret. Det passer såleis for studentar som ønsker å jobbe jamt snarare enn i «skippertak». Du må være interessert i å lære ved hjelp av mange ulike aktivitetar, både åleine og i samarbeid med studentar, faglærer og seminarleiar.

Emnet passer godt med HIS101, men kan og tas uavhengig.