Hjem
Senter for farmasi

Sofia Frost Widnes har disputert

Farmasøyt Sofia Frost Widnes har gjennom sitt doktorgradsarbeid undersøkt behovet for og vurdering av legemiddelinformasjon under graviditet, både blant dei gravide sjølv og legane deira. Fredag 25. oktober 2013 disputerte ho med avhandlinga «Drug information in pregnancy - attitudes and needs among pregnant women and physicians».

Hovedinnhold

Sofia har arbeidd på RELIS Vest sidan 2002, og har òg vore med på å opprette legemiddelinformasjonstenesta Tryggmammamedisin.no. Ho har vore tilsett som stipendiat ved Klinisk institutt 2 sidan 2012, rettleia av professor Anne Gerd Granås og professor Jan Schjøtt.

Gjennom fire artiklar har ho undersøkt ulikskapar mellom legemiddelinformasjonskjelder, korleis legar vurderer og bruker informasjon om legemiddelbruk ved graviditet frå regionale legemiddelinformasjonssentre (RELIS), korleis gravide med epilepsi vurderer risiko ved legemiddelbruk, samt risikovurdering av legemiddelbruk på bakgrunn av informasjon i pakningsvedlegg, både blant gravide og fastlegane deira.

Funna kan bidra til å utforme betre informasjon om legemiddelbruk under graviditet, både for helsepersonell og gravide. Resultatet vil kunne bli auka pasienttryggleik og rettare legemiddelbruk.

Les meir i pressemeldinga her.

Senter for farmasi gratulerer!