Hjem
Senter for farmasi

Nyttig om farmasi

Farmasifaglege nettlenker i inn- og utland.

Hovedinnhold

Farmasifag

Ressursside for deg som ønskjer å studere farmasi eller vil vite meir om kva ein farmasøyt er. Sjekk gjerne den internasjonale sida I am a pharmacist i same slengen.

 

Norges Farmaceutiske Forening (NFF)

Profesjonsforeining for farmasøytar. Foreinga er den eldste fagforeiniga i Noreg, og frontar rolla som helsepolitisk aktør innanfor farmasifeltet med visjonen Riktige legemidler. Bedre helse - god samfunnsøkonomi. Dei har òg ansvar for FEVU-systemet (Farmasøytars Etter- og VidareUtdanning). Foreininga har 15 geografiske krinsar, og studentane har sin eigen krins.

 

Norsk Farmaceutisk Tidsskrift (NFT)

Vitskapleg farmasifagleg tidsskrift som støttar opp om NFFs arbeid for å ivareta medlemmane sine økonomiske, sosiale og faglege interesser. I NFT finn du forskningsartiklar, aktuelle nyhendesaker innanfor farmasi og helse, intervju, jobbannonser og diverse informasjon om NFFs arbeid.

 

Norsk Farmaceutisk Selskap (NFS)

Interesseorganisasjon som arbeidar for å utvikle og fremje norsk farmasi. Dei arrangerer Farmasidagane og andre kurs (bl.a. QP-kurs), deler ut stipend, forvaltar dei etiske retningslinjene for farmasøytar gjennom Etikkrådet, og driv ei mentorordning for unge farmasøytar.

Apotekforeningen

Apotekforeningen er bransjeorganisasjonen for apotekene i Norge og deres eiere. Foreningen arbeider hovedsaklig med apotekfaglig utvikling, apotekenes rammevilkår, næringspolitikk, teknologi og e-helse og kommunikasjon om bransjen. Apotekforeningen ivaretar også en rekke praktiske funksjoner for apotek.

Norske Sykehusfarmasøyters Forening (NSF)

Foreining for farmasøytar som har si hovudstilling i sjukehusapotek, helseføretak eller kommunar. Arbeider for utvikling av sjukehusfarmasi i Noreg og for dei faglege interessene til medlemmene. Dei arbeidar òg tett med European Association of Hospital Pharmacists (EAHP) og European Society of Clinical Pharmacy (ESCP).

 

Farmasøyter uten grenser (FUG) Norge

Knutepunktet for farmasøytisk utviklingsarbeid frå Noreg. FUG arbeider for at alle, uavhengig av bustad og økonomi, får dei legemidla dei har behov for, når dei har behov for dei, og at dei er verksamme og sikre når dei blir tatt i bruk. Del av det internasjonale nettverket Pharmaciens Sans Frontieres (PSF).

 

NoPSA - Norwegian Pharmaceutical Students' Association

Studentforeininga for alle masterstudentar i farmasi i Noreg. Medlemmar frå studentforeiningane Generica i Bergen, Placebo i Tromsø og Venficus i Oslo er automatisk medlem i NoPSA. NoPSA arbeider for å auke samhaldet mellom farmasistudentar både i Noreg og i Europa, og arrangerer ein årleg kongress. NoPSA er medlem av EPSA - European Pharmaceutical Students' Association.

 

Apokus - Apotekenes kompetanse- og utviklingssenter

Utviklar opplæringsprogram som skal vidareutvikle helsepersonell i apotek som legemiddelrådgivarar og apotek som faghandel for legemiddel.

 

RELIS - Regionale legemiddelinformasjonssentre

Hjelper helsepersonell med spørsmål om legemiddel. Publiserer utredningar om interaksjonar, biverknader og andre relevante legemiddelspørsmål. Administrerer biverknadsmeldingar og tenesta Trygg Mammamedisin.

 

International Pharmaceutical Federation (FIP)

FIP samlar alle nasjonale farmasiforeiningar og arbeider for å betre global helse ved å utvikle farmasøytisk praksis og forsking for å muleggjere betre utvikling, tilgang og tryggare bruk av eigna og kostnadseffektive legemiddel av god kvalitet over heile verda. FIP lanserte òg ideen om Verdas Farmasøytdag 25. september.