Hjem
Senter for farmasi

Svein Haavik er blitt professor

Vedtaket blei gjort av Fakultetsstyret ved Det medisinsk-odontologiske fakultet 9. mai 2012. Senter for farmasi har dermed fått sin første professor med farmasøyt-bakgrunn! Les meir om mannen bak tittelen her.

Hovedinnhold

Professor Svein Haavik tok grunnutdanninga ved Universitetet i Oslo, og gjekk ut som cand. pharm i 1980. I 1986 fullførte han doktorgrad i farmakognosi same stad, på allergener fra timotei med spesiell fokus på glykoproteina og karbohydrata si betydning for allergenaktiviteten. Han arbeidde som førsteamanuensis etter dette. Då arbeidde han bl.a. med glykoproteinet Epiglycanin, eit viktig protein i somme krefttypar, som kan spille ei viktig rolle i om kreften er malign eller ikkje. I 1988-89 hadde han utenlandsopphold som "research fellow" ved Harvard Medical School, Boston.

I 1995 flyttet han tilbake til Vestlandet for å overta stillinga som apoteker ved Sjukehusapoteket i Bergen. I tida som følgde blei han ein av dei viktigaste pådrivarane for å få oppretta ei farmasiutdanning ved Universitetet i Bergen. Etter iherdig innsats blei dette ein realitet og første kull med masterstudentar byrja i 2003. Svein ble sjølv leiar for Senter for farmasi, som stod som eit sjølvstendig senter mellom Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet (MNFA) og Det medisinsk-odontlogiske fakultet (MOFA), kor farmasifaga var fordelt.

Samtidig har han fortsett med forskningsaktivitet innanfor fleire felt: farmakognosi, farmakologi og samfunnsfarmasi, og har vore med på å publisere fleire vitskaplege artiklar. Han har blant anna vore ein del av no nedlagte Institutt for apotekforsking (Apoforsk), der forskinga hans var retta mot forskrivingfeil. Han var òg rettleiar for den første stipendiaten i farmasi ved Universitetet i Bergen (Dr. Lone Holst), og han har rettleia flere masterstudentar i farmasi, ei oppgåve han framleis driv med. Mange studentar har gjerne fått oppleve han som førelesar i både samfunnsfarmasi og farmakognosi.

Dessutan har han vore fagfellevurderar ("referee") i fleire høgt rangerte vitskaplege tidsskrifter, og han har hatt mange innlegg på nasjonale og internasjonale møter og kongressar. I tillegg til å vere leiar for Senter for farmasi, har han òg ei lang rekkje verv, bl.a. visebestyrar ved Farmasøytisk institutt, UiO, leiar for Nasjonalt råd for profesjonsutdanning i farmasi, og koordinator for eit EU-nettverk.

Vi kunne ha skrive ei heil bok om mannen, som helst omtalar seg sjølv som sauebonde. No kan han i tillegg omtale seg som Professor. Vi gratulerer!

Takk til Henning Lygre, Sverre Arne Sande, Hilde Barsett, Berit Smestad Paulsen og Karl Malterud for innspel og tips til saka.