Hjem
Senter for farmasi

Kunnskap om legemiddelframstilling gjer farmasøytar unike

Med førelesinga «Compaction of granular solids and implications for the formulation and manufacturing of tablets» ga professor Göran Alderborn oss eit innblikk i korleis kunnskap om partikkeleigenskapar og tekniske prosessar i legemiddelframstilling kan ha betydning for legemiddeleffektar hjå pasientane. Denne kunnskapen er ikkje berre ein føresetnad for å kunne arbeide som farmasøyt, men òg med på å gjere farmasøytar uerstattelege i samfunnet, understreka professoren.

Professor Alderborn haldt ei spanande førelesing og blei etterpå takka av...
Professor Alderborn haldt ei spanande førelesing og blei etterpå takka av leiar for Senter for farmasi, professor Svein Haavik.
Foto/ill.:
Lillan Mo Andreassen

I førelesinga si fokuserte professor Alderborn på fysikalsk-tekniske eigenskapar ved tablettar, og korleis desse kan kontrollerast i framstillingsprosessen for å få eit meir forutsigbart produkt. Blant anna gjekk han gjennom mykje av si eiga forsking på korleis ulike kompresjonsmetodar eller grader av kompresjon kan verke inn på både frigjeringshastigheiten av legemiddel frå tabletten, samt fastheit og bøyingsstyrke for tabletten. Vidare forklarte han at galenisk farmasi inneheld element av fysikk, kjemi og medisin, noko som ikkje berre gjer feltet komplekst, men òg gjer det til eit spanande forskingsområde.

Både studentar og tilsette hadde møtt opp for å høyre gjesteførelesinga gitt av ein av dei leiande forskarane innan galenisk farmasi. Særskilt spanande var det for studentane som om ikkje lenge skal ut i yrkeslivet for å rettleie myndigheiter, industri og pasientar på legemiddelfeltet. Kunnskap om kvifor ein tablett blir som den blir, og korleis ein kan styre denne prosessen slik at ein får eit produkt som oppfører seg forutsigbart er ein av grunnsteinane i farmasiutdanninga, vedgår professor Alderborn. Kunnskapen nyttast til å utvikle terapeutisk effektive legemiddel som er trygge og enkle for pasientane å bruke. Saman med kunnskap om blant anna fysiologi, farmakologi og kommunikasjon legg dette grunnlaget for at farmasistudentane blir utdanna til legemiddelekspertar – ei rolle ingen andre kan fylle i samfunnet.