Hjem
Senter for farmasi
Kurs i presentasjonsteknikk

Kurs i munnleg presentasjon 27. januar 2015

Med tidlegare NRK-journalist Tom Berntzen på laget inviterer NFS til kurs for dei som vil betre presentasjonsteknikken sin.

Tom Berntzen underviser på NFS sitt kurs i presentasjonsteknikk i Oslo
Tom Berntzen på kurset som blei halde i Oslo.
Foto/ill.:
Norsk Farmasøytisk Selskap

Hovedinnhold

Norsk Farmasøytisk Selskap (NFS) vil i januar arrangere eit ettermiddagskurs i munnleg presentasjonsteknikk i Bergen. Kurset er opent for alle og fokuserer på korleis ein kan heve kvaliteten på eigne foredrag, bli tryggare foran eit publikum og gjere det meir interessant for tilhøyrarane. NFS har gjennomført kurset i Oslo, og ønskjer no å gjere det same i Bergen. Kurset har plass til 8 deltakarar, slik at alle får personleg rettleiing undervegs i kurset. Mangeårig NRK-journalist Tom Berntzen, no administrerande direktør for Corporate Communications, er kurshaldar.

Kurset kostar 1700 kr for medlemmar og 2200 kr for ikkje-medlemmar. Du kan lese meir om kurset og finne påmeldingsskjema på NFS sine heimesider.