Hjem
Senter for farmasi
Forskning

Spesialnummer i Current Pharmaceutical Biotechnology med fleire Bergensforskarar

Bergensforskarar skriv om akutt myeloid leukemi i siste nummer av Current Pharmaceutical Biotechnology

current pharmaceutical biotechnology

Hovedinnhold

Det neste nummeret av Current Pharmaceutical Biotechnology vil ha ein sterk Bergensprofil. Professor Lars Herfindal ved Senter for farmasi har saman med professor Frode Selheim ved Institutt for biomedisin, vore gjesteredaktørar for ei spesialutgåve som inneheld oversiktsartiklar om framsteg innan behandling av akutt myeloid leukemi (AML). Bidragsytarar er fleire forskarar innan dette feltet i Bergen, og frå Senter for farmasi har Emmet McCormack skrive om musemodellar for AML, og Lars Herfindal skrive om både nanopartiklar i AML-terapi, og om cyanobakterier som kjelde for nye legemiddel mot AML. I tillegg kan ein mellom anna lesa om utviklinga innan AML diagnostikk, ernæring si rolle innan stamcelleterapi, dei siste framskritta innan både nye legemiddel og protein-analyse for å utvikla person-tilpassa terapi. Dersom nokon er interesserte i å lesa artiklane, ta kontakt med hovudforfattararen av den aktuelle artikkelen, og dei kan hjelpa med å skaffa ein kopi. 

Current Pharmaceutical Biotechnology er eit tidsskrift dedikert til oversikts- og forskingsartiklar innan prekliniske og kliniske aspekt innan farmasøytisk bioteknologi. Oversikt over alle artiklane i spesialnummeret om AML finn ein her