Hjem
Frå handskriftsfragment til bokhistorie

England-Frankrike-Skandinavia

Dei nære banda mellom den engelske og den norske kyrkja i mellomalderen, særleg på 11- og 1200-talet, er velkjende. Kva for rolle Frankrike spela, er noko meir usikker, kanskje med unnatak av Paris generelt og klosteret St. Victor spesielt.

Hovedinnhold

Eit relativt stort antal fragment frå latinske handskrift laga i England og Frankrike er allereie identifiserte i norske samlingar. Foreløpige teljingar blant fragmenta i Riksarkivet i Oslo kjem opp i over hundre engelske handskrift frå før 1225, og omkring femti franske. Desse fragmenta blir analyserte for å vurdere verknaden engelske og franske impulsar hadde på den norske bokkulturen.

 

Den engelske paleografen Michael Gullick har i ei årrekkje gitt særleg merksemd til fragment som kjem frå engelske og engelsk-påverka handskrift. Synnøve Myking, PhD på fragmentprosjektet, arbeider med eit korpus av fragment som truleg stammar frå handskrift med fransk opphav.