Hjem
Miljø- og landskapsgeografi
Utdanning

Vil du studere miljøgeografi?

Menneskelig innverknad på miljøet er omfattande, både gjennom uttak og forbruk av naturressursar. Konsekvensane av denne innverknaden er både dramatiske og avgjerande for korleis framtidas samfunn blir forma.

Sotra
Studentar på ekskursjon til Sotra med GEO113 Klima, oseanografi og biogeografi.
Foto/ill.:
Anders Lundberg

For å forstå og forklare de endringane som skjer, samt for å forstå samspelet mellom natur og samfunn, tilbyr institutt for geografi et fullverdig utdanningsløp innan miljøforvaltning, -overvaking og -planlegging.  Utdanningsløpet innan miljøgeografi er praksisorientert og forskingsbasert. Du får opplæring i sentrale verktøy som geografiske informasjonssystem (GIS) og kartleggingsverktøyet Natur i Norge (NiN), og deler av kurset blir gjennomført i felt.

Karrierevegar

Studentane våre vil kunne velje yrkesvegar innan blant anna forsking, frivillige miljø- og utviklingsorganisasjonar, private konsulent- og rådgjevingsselskap og offentlig forvaltning som planlegging, miljørådgjeving eller miljø- og landskapsvern.

Gjennom studiet vil studentane kunne tileigna seg en rikhaldig verktøykasse for naturtypekartlegging, tilstandsvurdering, miljøovervaking og reguleringsregime for miljøforvaltninga. Slik vil de raskt kunne sette seg inn i nye problemstillingar, samt vere i stand til å planlegge, gjennomføre og kritisk vurdere og analysere konsekvensutreiingar, tilstandsrapporter og sårbarheits analysar.

Utdanningsløp semester for semester

Ein bachelorgrad har 180 studiepoeng fordelt på 3 år. På bachelorprogrammet i geografi tar du 20 studiepoeng med innføringsemner, 100 studiepoeng med spesialisering i geografi og 60 frie studiepoeng.

Etter ein bachelorgrad, kan du bygga på med ein 2-åring mastergrad. På masterprogrammet i geografi kvalifiserer du til den studieretninga du spesialiserte deg i på slutten av bachelorprogrammet.

Her er ein oversikt over kva emne som inngår i dei ulike semestra når du vel studieretning miljø- og landskapsgeografi:

Bachelor, 3 år

1. semester:

  • EXPHIL Examen philosophicum, seminar- eller eksamensmodell
  • GEO100 Introduksjon til geografi: Globale utfordringer og lokale svar
  • GEO110 Kartografi og tematiske kart

2. semester

3. semester

  • GEO113 Klima, oseanografi og biogeografi
  • GEO125 Økonomisk globalisering, produksjonssystem og miljø
  • GEO131 Ressursforvaltning og global utvikling

4. semester

Frie studiepoeng/utveksling. 
Les mer om utveksling.

Du kan bytte plass på 4. og 6. semester etter hva som passer best.

5. semester

Frie studiepoeng/utveksling. Anbefalt frie studiepoeng ved UiB:

  • GEO215 Geografiske informasjonssystem: Teori og praksis
  • GEO217 Hydrologi, grunnvann og geofare
  • GEO281 Miljøforvaltnig og planlegging

    6. semester

    Velg studieretning miljø- og lanskapsgeografi.

    Master, 2 år

    1. semester

    • GEO308 Vitenskapsteori for geografar
    • GEO310 Skrivekurs og prosjektskildring
    • Vel eitt av emna: GEO326 Geografiske perspektiv på mat, GEO328 Planlegging og samfunn eller GEO329 Miljøfag, naturforvaltning og arealplanlegging

    2. semester

    • GEO309 Semesteroppgåve
    • GEO306 Samfunnsgeografisk metode
    • GEO337 Kritiske perspektiv på miljø og utvikling

    Feltarbeid master

    • Du gjennomfører eit feltarbeid mellom 2. og 3. semester.

    3. semester

    • GEO350 Masteroppgåve i geografi
    • Skriving av masteroppgåve under veiledning

    4. semester

    • GEO350 Masteroppgåve i geografi
    • Ferdiggjering av masteroppgåve under veiledning. Innleveringsfrist er 15. mai.