Hjem
Naturgeografi
Masterprosjekt

Styrke, retning og frekvens på holocen stormaktivitet ved Lista

Mari Froastad skriv masteroppgåve om korleis stormaktiviteten på Lista i sør- Noreg har variert gjennom holocen, perioden frå landet vart isfritt og fram til i dag.

Masterstudiet har gjeve meg mykje kunnskap om samfunn, menneske, natur og miljø, noko som er svært relevant i dag. Det er også spennande å være ein del av eit studentmiljø der interesser varierar i alt frå oksygenisotopar i Grønlandsisen til byutvikling på Sotra.

I mitt masterprosjekt studerer eg korleis stormaktiviteten på Lista i sør- Noreg har variert gjennom holocen, perioden frå landet vart isfritt og fram til i dag. Dette vert studert ved å kartlegge tilførsel av flygesand i sedimentkjerner.

Feltområdet og erfaring med feltarbeid

Feltområdet ligg heilt sørvest i Noreg, med ei lang kystlinje som i stor grad består av sandstrender, sanddyner og flat topografi. Lista ligg eksponert mot havet, og er kjend for å sjeldan vere vindstille. Sanddrifta har dermed vore aktiv i området gjennom tidene, særleg før vegetasjonen ein ser i dag fekk binde seg og sanddynene vart stabile.

Lista
Foto/ill.:
Mari Froastad

Sedimentkjerner frå innsjøar, som ofte vert referert til som naturens eigne klimaarkiv, er henta opp frå eit lite vatn nært kysten i feltområdet mitt. Kjernene skal analyserast på laboratoriumet i løpet av hausten, og eg håpar å finne indikasjonar på fortidas klima og vindmønster. Lakustrine sedimenter kan liggje bortimot uforstyrra i fleire titalls tusen år, og er ei viktig kjelde til informasjon om vær og vind som er eldre enn dei eldste meteorologiske målingane.

Tida i felt vart brukt til kvartærgeolisk kartlegging, for å skape eit bilde av korleis Lista vart til. Erfaringar eg gjorde meg var at naturen og landskapet ein ser i dag er komplekst, og ofte eit resultat av at ulike landformdannande prosessar har verka til ulike tider. Menneskeleg aktivitet er også ein viktig faktor, då vi gjennom tusenvis av år har "forstyrra" landskapet med dyrking av mark, husdyrhald og infrastruktur.

Interessant og relevant kunnskap frå fortida

Denne type forskning er interessant då stormaktiviteten, som er driven av temperaturforskjellar mellom luftmassar i atmosfæren, kan medføre store konsekvensar for menneske og natur dersom kreftene vert sterke nok. Når naturens krefter herjar, er det ingenting me menneske kan gjere. Kunnskap om vær frå fortida kan dermed være viktig i framtidig planlegging av samfunn og infrastruktur. Då klimaet i Noreg (og i verda) endrar seg raskt, vil også frekvens, styrke og retning på sterke vindar endre seg. Slik forskning er derfor svært relevant i dag, og eg er heldig som får moglegheit til å jobbe med dette masterprosjektet.

Erfaringar med masterstudiet

Å studere geografi har gjeve meg interessante innblikk i korleis geografar og geologar arbeider i felt, dette er utruleg spennande. I tillegg er det eit godt læringsmiljø med mykje sosiale og hyggjelege medstudentar.

Masterstudiet har gjeve meg mykje kunnskap om samfunn, menneske, natur og miljø, noko som er svært relevant i dag. Det er også spennande å være ein del av eit studentmiljø der interesser varierar i alt frå oksygenisotopar i Grønlandsisen til byutvikling på Sotra.