Effekt av ein arbeidsplan utan kort kviletid (<11t) mellom to vakter – ei randomisert kontrollert studie blant helsearbeidarar
Hovedinnhold
Jamfør arbeidsmiljølova § 10-8 har arbeidstakarar i utgangspunktet rett på 11 timar samanhengande fri mellom to arbeidsperiodar1. For arbeidstakarar som jobbar skift vert det gjort unntak frå dette, og norske undersøkingar har vist at omlag 80 % av sjukepleiarane rapporterer å ha kort kviletid mellom to vakter (<11 timar) i sin arbeidsplan2. Dette førekjem hyppigast mellom ei seinvakt etterfølgt av dagvakt, og vert i den engelske litteraturen omtala som quick returns (QR-vakter).
Forskinga som er gjort på konsekvensane av quick return-vakter så langt visar ein samanheng mellom quick return-vakter og ei rekkje negative helseutfall3-9, men ein veit framleis ikkje om eksponering for quick return-vakter er årsaka til desse helseutfalla. Denne studien er den første randomiserte kontrollerte studien som undersøker effekten av å fjerne quick return-vakter frå arbeidsplanen. Studien vart gjennomført i eit økologisk forskingsdesign, der helsearbeidarar ved Haukeland Universitetssjukehus i Bergen (n = ca. 4 000) vart randomisert til enten (1) ein turnus utan quick return-vakter eller (2) ein turnus med same mengde quick return-vakter som tidlegare, i ein periode på 6 månadar.
Hovudformålet med studien er å undersøke om helsearbeidarar som fekk ein turnus utan kort kviletid (< 11 timar) mellom to vakter får ei endring i sjukefråvær. Vidare vil studien mellom anna undersøke kva effekt denne endringa har på intensjon om å stå i jobben (turnover intention), arbeidsrelaterte ulykker/hendingar, søvn og helse, tilfredsheit med turnus, generell jobbtilfredsheit og familie-jobb konflikt.
Universitetet i Bergen, Folkehelseinstituttet, Helse Bergen og representantar frå arbeidstakarorganisasjonane (Norsk Sjukepleiarforbund, Fagforbundet, Delta og Fellesorganisasjonen) har saman utarbeida rammene for undersøkinga. Prosjektet er støtta av Noregs forskingsråd og Universitetet i Bergen og er godkjent av Regionale komitear for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk (REK).
Meir informasjon om prosjektet
- Informasjon som er gitt til deltakarane i prosjektet
- Informasjon om prosjektet på Noregs forskingsråd (NFR) sine nettsider (prosjektnummer 303671)
- Søk opp etisk godkjenning av prosjektet på Regionale komiteer for medisinsk og helsefaglig forskingsetikk (REK) sine nettider (søknadsnummer 200386)
- Informasjon om prosjektet på Clinical Trials
Resultat frå prosjektet
Vedaa Ø, Djupedal ILR, Svensen E, Waage S, Bjorvatn B, Pallesen S, Lie SA, Nielsen M, Harris A. Health-promoting work schedules: protocol for a large-scale cluster randomised controlled trial on the effects of a work schedule without quick returns on sickness absence among healthcare workers. BMJ Open, 2022;12(4):e058309. doi: 10.1136/bmjopen-2021-058309. https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/35428642/