Nynorsk språkmal studieinformasjon
For å få eit samahengande språk, ber vi om at denne språkmalen brukast på rekrutteringstekstane.
Hovedinnhold
Alle tekster skal skrives på nynorsk.
Vi skriv…
- «for eksempel» i staden for «til dømes»
- «anbefaler/anbefalt» i staden for «tilrår/tilrådd»
- «forhold» i staden for «høve» og «tilhøve»
- «mens» i staden for «medan»
- «samtidig» i staden for «samstundes»
- «blant anna» i staden for «mellom anna»
- «begynne» i staden for «byrje» OBS! Det heiter fortsatt «byrjing»!
- «bilde» i staden for «bilete»
- «etterspørsel» i staden for «etterspurnad»
- «å gi» i staden for «å gje»
- «undervisning» i staden for «undervising»
- OBS: «Folkehelse og helsefremjande arbeid» endres til: «Folkehelse og helsefremmande arbeid»
Det som kjem nedanfor er eit slags følgevedlegg til Språkrådet si brosjyre «Ny nynorskrettskriving frå 2012», og tar for seg kva val vi har tatt for språket i Studere og faldarane. Sjå brosjyra for meir informasjon.
Lydverket
Vokalar
y og ø: Vi vel ø-formene, f.eks.: nøkkel, ønske
o og u: Vi vel o-formene, f.eks.: skole, sommar
a og e: Vi vel enten i staden for anten
a og o: Vi vel barn i staden for born
a og å: Vi vel a-formene, f.eks.: klar, forklare
jo og y: Vi vel y-formene, f.eks.: lys, lyd
Diftongar
I dei orda med valfridom mellom diftong og monoftong, vel vi monoftong, f.eks.: løp, nød, døv
Konsonantar
I dei orda med valfridom mellom enkle og doble konsonanter, vel vi doble, f.eks.: komme, ungdommen, venn, lønn, utbytte, kjøkken
Valfri j
Vi vel å ikkje bruke j i verb og svake hokjønnsord med stamme som sluttar på g eller k, f.eks.: rekke, brygge, legge, tenke, søke, ønske, følge, sørge + sette, sitte
Andre endringar
Vi vel de-dykk-dykkar i staden for dokker og dokkar.
Vi vel no i staden for nå og så i staden for so.
Studium blir bøygd slik: eit studium – studiet – studium – studia
Det vil seie at namn på ein del studieprogram og fagområde er gramatisk feil. Til dømes
- Utviklingsstudiar
- Senter for Midtøsten- og islamske studier