E-læring for studentmentorar
Kurset vil gje deg innføring i dei mest grunnleggjande rettar og plikter du har når du er tilsett som studentmentor eller tilsvarande i ein mindre prosentstilling eller på timebasis ved Universitetet i Bergen.
Hovedinnhold
Målgruppe
Studentmentorar ved UiB.
Om kurset
Etter kurset vil du kunne:
- Gjere greie for kva som er dei viktigaste lovene og reglane knytt til å vere deltidstilsett ved UiB.
- Omtale dei viktigaste pliktene og rettane du har som tilsett.
- Gjere greie for UiBs verdigrunnlag.
- Reflektere over makt i relasjonar.
- Reflektere over etiske dilemma du kan møte når du både har rolla som student og tilsett.
04.06.2020