Hjem
For ansatte
Valg til universitetsstyret 2026

Kandidat - Arild Våge Berge

Hovedinnhold

Min utdanningsbakgrunn er frå Bergen, Agder og Göteborg. Eg har bachelor, PPU og master i kunst frå Kunst- og designhøgskolen i Bergen (KHiB). Eg er no Ph.D. kandidat i kunstnerisk utviklingsarbeid ved fakultet for Kunst, Musikk og Design (KMD), der eg jobbar med tema som industri og klima.

Som styremedlem vil eg arbeide for å halde fagleg kvalitet i fokus og for at UiB skal vere ein inkluderande og relevant utdanningsstad. Forskinga ved UiB skal vere ei aktuell stemme i samfunnet og belyse samtidige og framtidige problemstillingar. Det er viktig at PhD-kandidatar får gode karrieremoglegheiter, at den akademiske fridomen står sterkt, og at universitetet fortsett å utvikle gode strategiar for kva rolle kunstig intelligens bør ha i akademia framover.

Gjennom tidlegare arbeid som universitetslektor ved UiB og OsloMet har eg koordinert studieprogram, og jobba med studieutvikling, forsking og undervising. Som student ved KHiB var eg styremedlem, leiar for studentrådet, hadde plass i avdelingsrådet for kunst, og deltok i arbeidet med verksemdsoverdraginga då KHiB vart ein del av UiB og flytta inn i nytt bygg i Møllendal.

Erfaringar frå OsloMet, KHiB og UiB har gitt meg perspektiv på ulike institusjonar, som gjer at eg kan sjå styrkar og utfordringar på tvers av fagmiljø. Erfaringa med verksemdsoverdraginga har lært meg at det er viktig å balansere tradisjonar med nye strukturar i periodar med omstilling. Samstundes har arbeidet i styre, studentråd og avdelingsråd gitt meg forståing for beslutningsprosessar – og korleis ein forankrar desse.