Hjem

Institutt for fremmedspråk

Lokale forskarskular i samarbeid mellom LLE og IF

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske fag (LLE) og Institutt for framandspråk (IF) har i fellesskap tre lokale forskarskular:

  • Forskarskulen i litteratur og kultur
  • Forskarskulen i språkvitskap og filologi

Rutinane for administrativ oppfølging og økonomi blir skisserte nedanfor, og gjeld frå og med 2015.

 

Forskarskulen i litteratur og kultur

LEIARAR: Laura Miles (IF) og Erik Bjerck Hagen (LLE)

ADMINISTRATOR:  forskingskonsulent Anne Berit Apold (LLE)

FINANSIERING:  80 000 i årlege driftsmidlar frå institutta (40 000 frå LLE, 40 000 frå IF). Leiarane av forskarskulane lagar årsbudsjett for forskarskulen i samarbeid med administrator.

UTGIFTER: Blir i første omgang dekka av LLE, stadkode 112100 og analysenummer 217240. Ved slutten av året blir dette gjort opp, slik at halvparten av utgiftene blir dekka av LLE, den andre halvparten av IF. Udisponerte midlar går tilbake til institutta og blir ikkje overførte til neste år.

RESSURSBRUK: Kvar av dei to leiarane for forskarskulane får ei utteljing i undervisningsrekneskapen på 75 timar i semesteret. Dette skal inkludera både fagleg leiing og arbeidet med å lesa manuskript. Dersom den administrative oppfølginga i framtida skulle bli lagt til ein stipendiat (i staden for Apold), er utteljinga 60 timar i semesteret.

 

Forskarskulen i språkvitskap og filologi

LEIARAR: Bente Hannisdal (IF) og Gunnstein Akselberg(LLE)

ADMINISTRATOR:  forskingskonsulent Jan A. Johansen (IF)

FINANSIERING:  80 000 i årlege driftsmidlar frå institutta (40 000 frå LLE, 40 000 frå IF). Leiarane av forskarskulane lagar årsbudsjett for forskarskulen i samarbeid med administrator.

UTGIFTER: Blir i første omgang dekka av IF, stadkode 112000 og analysenummer 216735. Ved slutten av året blir dette gjort opp, slik at halvparten av utgiftene blir dekka av LLE, den andre halvparten av IF. Udisponerte midlar går tilbake til institutta og blir ikkje overførte til neste år.

RESSURSBRUK: Kvar av dei to leiarane for forskarskulane får ei utteljing i undervisningsrekneskapen på 75 timar i semesteret. Dette skal inkludera både fagleg leiing og arbeidet med å lesa manuskript. Dersom den administrative oppfølginga i framtida skulle bli lagt til ein stipendiat (i staden for Johansen), er utteljinga 60 timar i semesteret.