Home
Department of Foreign Languages

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Main content

Lokale forskarskular i samarbeid mellom LLE og IF

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske fag (LLE) og Institutt for framandspråk (IF) har i fellesskap to lokale forskarskular:

Rutinane for administrativ oppfølging og økonomi blir skisserte nedanfor, og gjeld frå og med juni 2020.

Forskarskulen i litteratur, kultur og estetiske fag

LEIARAR: Forskarskulen har ein leiar ved IF og ein ved LLE.

ADMINISTRASJON: Forskarutdanningskonsulenten ved LLE følgjer opp forskarskulen.

FINANSIERING: Utgiftene blir ført på analysenummeret til forskarskulen (217240) ved LLE (112100). Faste årlege utgifter er:

a) Sluttseminar for deltakarar på forskarskulen (honorar, reise og opphald for meister, pluss ein middag med den tilreisande meisteren og eit par representantar for forskarskulen. 

b) Ulike driftsutgifter og andre arrangement utanom sluttseminara. Forskarskulen disponerer ein årleg sum på 5000 kroner til dette.

På slutten av året sender LLE internfaktura til IF for utgiftene knytte til IF-stipendiatane (jf. a) over), og for halvparten av driftsutgiftene som er gått med (jf. b) over). 

Skulle det oppstå andre behov, kan forskarskulen søkja dei to institutta om støtte.

I tillegg betalar institutta ein felles årskontingent til den nasjonale forskarskulen TBLR, og denne utgifta vert delt likt mellom dei to institutta.

RESSURSBRUK: Kvar av dei to leiarane for forskarskulane får ei utteljing i undervisningsrekneskapen på 75 timar i semesteret. Dette skal inkludera både fagleg leiing og arbeidet med å lesa manuskript. 

Forskarskulen i språkvitskap og filologi

LEIARAR: Forskarskulen har ein leiar ved IF og ein ved LLE. 

ADMINISTRASJON: Forskarutdanningskonsulenten ved IF følgjer opp forskarskulen.

FINANSIERING: Forskarskulen har fram til og med 2020 finansiering frå den nasjonale LingPhil-forskarskulen (administrert av NTNU). Dette dekkjer utgiftene ved den lokale forskarskulen, inkludert sluttseminara for ph.d.-ane. Frå og med 2021 vert finansieringa i tråd med det som gjeld for forskarskulen i litteratur og kultur, og dermed slik:

Utgiftene blir ført på analysenummeret til forskarskulen (216735) ved IF (112000). Faste årlege utgifter er:

a) Sluttseminar for deltakarar på forskarskulen (honorar, reise og opphald for meister, pluss ein middag med den tilreisande meisteren og eit par representantar for forskarskulen. 

b) Ulike driftsutgifter og andre arrangement utanom sluttseminara. Forskarskulen disponerer ein årleg sum på 5000 kroner til dette.

På slutten av året sender IF internfaktura til LLE for utgiftene knytte til LLE-stipendiatane (jf. a) over), og for halvparten av driftsutgiftene som er gått med (jf. b) over). 