Hjem
Det humanistiske fakultet
karriere

Kva jobbar kan du få med humanistisk utdanning?

Mange av dei utfordringane samfunnet står overfor i dag krev humanistisk kompetanse. Det er kanskje difor 72 prosent med utdanning frå Det humanistiske fakultet får relevant jobb i løpet av dei to første åra etter studiane.

Bilde av tidlegare HF-studentar
Kva jobbar tidlegare HF-studentar (alumnar) med? Mykje forskjellig. Her kan du lese om nokre av dei.
Foto/ill.:
Magnus Halsnes

Tre av dei sterkaste drivarane i samfunnet vårt er globalisering, migrasjon og digitalisering. I ein slik verd er kunnskap om språk, kultur og menneske viktigare enn nokon gong.

Undersøkingar viser til dømes at norske bedrifter taper kontraktar og mister sal på grunn av manglande språkkompetanse og kulturforståing.

  • Nedst på sida kan du lese intervju med tidlegare studentar. 

Kor mange får jobb?

I følge kandidatundersøkinga frå 2016 var 3 av 4 humanistar frå Universitetet i Bergen i relevant arbeid to år etter at dei var ferdig utdanna.

Av desse fekk 76 prosent jobb anten før dei var ferdig utdanna, eller innan tre månader etter dei gjekk ut frå universitetet.

Litt over halvparten sendte færre enn 11 søknader før dei fekk jobb.

Ein nyutdanna humanist tener i snitt 430 304 kr.

Dei ferdig utdanna humanistene seier at personlig nettverk var viktig då dei fekk jobb.

Ein mastergrad gir deg betre moglegheiter i arbeidslivet. 

Kvar jobbar dei?

Alle verksemder har behov for ein tilsett som forstår kompleksiteten i tida vi lever i, kva for mekanismar som styrer utviklinga og kva som skal til for å formidle eit bodskap.

Du finn til dømes humanistar i departement, fylkeskommunar, kommunar, organisasjonar, kulturinstitusjonar eller statlege institusjonar.

Dei har ein kompetanse ingen andre har: språk, religion, historie, kommunikasjon, analyse, estetikk, kunst og mykje meir.

Det er årsaka til at du òg finn humanistar i bank, olje- og gassektoren, industri, kommunikasjonsbransjen, forlagsbransjen, media, og marin- og maritime bransjar.

Humanistar kan få stillingar som leiar, prosjektleiar, redaktør, kommunikasjonsrådgivar, konsulent, journalist, tekstforfattar, lærar, kulturformidlar og mykje meir.

62 prosent jobbar i det offentlege, medan 30 prosent jobbar i det private. 8 prosent jobbar i organisasjonar.

Slik blir du lærar

I skulen har dei stadig behov for lærarar med god språkkompetanse, historisk kunnskap, menneskeleg innsikt og evne til formidling.

Humanistar kan bli lærar på to ulike måtar:

Les meir om korleis du kan kombinere humanistiske fag med ei lærarutdanning

Korleis får du ei utdanning ingen andre har?

Med ei humanistisk utdanning kan du setje saman ein grad utifrå kva interesser du har, og kva jobb du ser for deg i framtida.

Valfrie emne: På dei fleste studieprogramma ved Det humanistiske fakultet kan du sjølv velje fleire av emna (faga).

Utveksling: Du har alltid høve til å ta eit eller fleire semester i utlandet, der dei kanskje har emne du ikkje kan ta i Noreg.

Masteroppgåver: Ofte kan du sjølv velje tema for bachelor- og masteroppgåva di. Mange rettar desse oppgåvene inn mot fagfelt dei seinare ønskjer å jobbe med.

Studentorganisasjonar: Du kan bruke fritida di på frivillig arbeid i ein studentorganisasjon. Den praktiske erfaringa du får kan vere viktig når du søkjer jobb.

Les kva grep tre av studentane våre gjorde for å sikre seg draumejobben:

Kva arbeidspraksis kan du få?

Du har høve til å få arbeidslivspraksis i utdanninga di.

Praktisk informasjonsarbeid gir eit innblikk i kommunkasjonsfaget. Du får undervising, praktiske øvigar og ein praksisperiode i ei verksemd i bergensområdet. 

Praksis i arbeidslivet gjer deg kjent med korleis det er å arbeide i ei verksemd eller institusjon der utdanninga di er relevant.

Praksis i bokindustrien gir deg praksis ved institusjoner og verksemder som kulturfestivalar, forlag og bokhandel.

På lærarutdanningene våre vil du få mykje praksis i skulen. Til dømes vil du få 100 praksisdagar viss du tar ein 5-årig lektorutdanning.

Kva er humanistar gode på?

Med ei universitetsutdanning i humanistiske fag er du spesielt god til å

  • handtere store informasjonsmengder
  • analysere dei og formidle dei
  • forstå og tolke informasjonen i eit historisk, religiøst, kulturelt, språkleg eller estetisk lys

Kan du få karriererettleiing?

Gjennom Sammen Råd og Karriere får du som student i Bergen karriererettleiing og tilgang på ein rekkje kurs i alt frå CV-skriving til intervjutrening. 

UiB Alumni er eit karrierenettverk og ein møteplass for 5000 tidlegare og noverande studentar. Gjennom mentorbanken kan du óg kontakte alumni-mentorar som kan gi karriererettleiing og hjelpe deg med å få draumejobben.