Hjem
Senter for kvinne- og kjønnsforskning
Kjønnsstudiar

Ein forstår ulike perspektiv betre med kjønnsstudiar i bagasjen

I jobben som organisasjonskonsulent i Vestland SV får Sigrid bruk for den ideologiske djubdekunnskapen om kjønn og feministiske retningar ho tileigna seg då ho tok kjønnsstudiar ved UiB.

Hovedinnhold

Eg har lært å tenke kjønn på andre måtar og fått mykje djupare forståingar av kva kjønn kan vere og korleis det verkar i samfunnet.

Kan du fortelje litt om jobben din?

Eg jobbar i dag som organisasjonskonsulent for Sosialistisk Venstreparti. Der byrja eg i august 2022. Stillinga mi er delt mellom fylkeslaget og lokallaget Bergen. I jobben har eg vore valkampsekretær for Bergen SV i lokalvalet 2023, eg driv med organisering og koordinering av bydelslaga i Bergen, lagar store og små arrangement og driv med medlemspleie.

Kva slags bakgrunn har du innanfor kjønnsstudiar?

Eg tok fag i kjønnsstudiar som del av bacheloren min i historie. I tillegg hadde eg stor nytte av å vere med på masterstafettane til Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK) då eg skreiv masteroppgåva mi om transpersonar si historie i Noreg.

Kva fekk du ut av studiet?

Mykje! Eg har lært å tenke kjønn på andre måtar og fått mykje djupare forståingar av kva kjønn kan vere og korleis det verkar i samfunnet. Litt flåsete plar eg seie at kjønn, og førestillingar om kva som ligg til kjønn, er noko av det meste fundamentale ved eit menneske.

Sjølv i vaksen alder bestemmer kjønnet ditt i stor grad kva farge du vel på noko så banalt som tannkosten din. Sjølvsagt er det viktig og heilt essensielt å prøve å forstå kvifor det er slik. At kjønnsstudiar ofte blir omtalt som uviktig forsking er ei utsegn som eigentleg fell på si eiga urimelegheit.

Mykje av kjønnsteorien er ganske avansert abstrakt tenking, og ei utfordring i faget er å tenke både abstrakt og konkret samtidig. Dette er ferdigheiter ein berre blir betre på ved å øve, og ein tek det med seg vidare også langt utanfor sjølve faget.

Kan du trekke fram eit høgdepunkt med studiet?

Det å få vere ein del av fagmiljøet på SKOK er nok noko av det aller beste. Kjønnsstudiane er tverrfaglege, trekk til seg studentar og tilsette frå store delar av UiB, og du møter eit undervisnings- og fagmiljø som lever og andar for tverrfaglegheit og å ta imot og inkludere studentar i faget og den vitskaplege diskusjonen. Det er få andre stader ein får så mange moglegheiter til å ta aktivt del i eit fagmiljø som ved SKOK, også som student.

Kan du fortelje om kva du skreiv master i, og i kva grad kjønnsemna du tok var relevant for denne?

Eg skreiv master i historie (hadde UiB hatt ein mastergrad i kjønnsvitskap, så hadde eg sjølvsagt valt dette). Der undersøkte eg korleis norske helsemyndigheiter forstod og behandla transpersonar i Noreg mellom 1952-1982.

På kva måte er utdanninga di relevant for deg i arbeidslivet?

Eg arbeider no i eit feministisk parti som både tenker og praktiserer feminisme. Den ideologiske djubdekunnskapen om kjønn og feministiske retningar gjennom tidene er nyttige verktøy i å forstå sitt eige politiske prosjekt. Ein orienterer seg lett i og forstår ulike perspektiv betre med kjønnsstudiar i bagasjen.

Kvifor vil du råde andre til å ta kjønnsstudiar i framtida?

Du får trent tenkeverktøyet ditt skikkeleg; det finst det ingen ulemper ved. Kjønnsforskinga er eit relativt lite felt, både i Noreg og internasjonalt, som betyr at det er lettare å bli lagt merke til i miljøet om ein vil ting og har prosjekt ein vil forske på. Og så er kanskje SKOK den hyggjelegaste plassen i verda å studere. Her tek ein studentane sine på alvor, du blir inkludert og gitt moglegheiter for fagleg utfalding og utvikling.