Hjem
Det humanistiske fakultet
på jobbjakt

Jakta på draumejobben kan by på både flytting og frustrasjon

Er du nyutdanna og skal ut å søke jobb? Korleis går du eigentleg fram? Mari Lund Eide var nyutdanna lektor i 2018 og har nokre skikkeleg gode tips til deg som er på jobbjakt.

Mari Lund Eide på fjelltur i nord
– Eg ville aldri ha vore forutan dei fine turane og naturopplevingane eg fekk i Nord-Noreg, sjølv om det var litt skummelt å flytte frå Bergen! seier Mari Lund Eide.
Foto/ill.:
Privat

Hovedinnhold

Kva no!? Du er ferdig med ein bachelor eller master, og skal søke på din første «ordentlege» jobb. Du har kanskje stått i butikk eller bak ein bardisk som student, men no vil du ha ein jobb der du får bruke utdanninga di og alt du har lært dei siste åra. Korleis skal du få draumejobben? Og kva er no eigentleg draumen?

Frå studentliv til arbeidsliv

For Mari Lund Eide har vegen til jobben vore sjølve målet. Ho er utdanna lektor med engelsk lingvistikk som spesialfelt, og har førebels svinga utanom læraryrket: først til kommunikasjonsbransjen og deretter til akademia.

For tida jobbar ho med formidling av forsking frå eit internasjonal prosjekt, leia frå Institutt for samanliknande politikk ved UiB. Til hausten byrjar ho som ph.d.-kandidat ved Institutt for framandspråk.

Ho er glad for den varierte erfaringa ho har fått på jobbjakt:

– Det er mange spennande jobbar der ute, ein bør difor ha eit ope sinn når ein søker jobbar. Dessutan er ikkje utdanning alt, ein mastergrad kan ikkje lære deg det som jobben krev av deg, arbeidsoppgåvene lærer du undervegs, seier ho.

Det fine med ei utdanning i humanistiske fag er at karrieren kan gå i mange ulike retningar. Du får kanskje ikkje nytta den konkrete fagkunnskapen din frå dag ein, men i løpet av studieåra har du òg lært mykje anna; du har blitt sjølvstendig, analytisk, god til å formidle og orientere deg i nye felt. Dei personlege eigenskapane dine er også viktige. Kva er det som gjer at du skil deg ut? Kva er akkurat du spesielt god til? 

Den første jobben treng heller ikkje vere det du siktar mot, men ein slags overgang frå studentlivet, og ein måte å bli kjent med arbeidslivet.

Søk i nord og sør

Eit av Mari sine råd er å vere open for å flytte til ein annan kant av landet. Det kan vere det som skal til for å få ein jobb du verkeleg har lyst på, eller som kan gje deg den erfaringa du treng for å få draumejobben i neste runde.

– Beggars can’t be choosers, you know. Nyutdanna unge folk kan ikkje forvente at gode jobbar dett ned i fanget – vi må vere villige til å flytte på oss og ta dei jobbane som finst. I distrikta vert det lyst ut mange spennande jobbar, der kan du finne fleire jobbar som kan vere aktuelle for deg, men då må du våge å hive deg ut i det ukjende, meiner ho.

Då Mari var ferdig med lektorstudiet i engelsk søkte ho jobbar i heile landet. Etter kvart fekk ho seg eit vikariat i Bodø, i kommunikasjonseininga på Nord universitet.

– Eg fekk jobben fordi eg kunne ting som var relevant for dei. I utgangspunktet hadde graden i engelsk lingvistikk mykje å seie, og eg jobba blant anna med å omsetje tekstar til dei engelske nettsidene deira og dreiv klarspråkarbeid. Eg fekk også mykje arrangementserfaring i samband med Forskningsdagane som eg var med å arrangere.

Du finn ikkje alt på Finn

Du bør heller ikkje tenkje for snevert om kva typar arbeidsplassar du skal søkje jobb på. Hugs at dei fleste bedrifter eller selskap har ulike roller å fylle – og alle treng ein huslingvist, seier Mari.

– Eg tenkjer at dei fleste arbeidsplassar har bruk for ein språkvitar. Med kommunikasjonserfaringa frå Nord universitet, fekk eg eit engasjement i Skatteetaten, der eg blant anna arbeidde med klarspråk i brev. Her måtte eg nytte konkret lingvistisk kunnskap som: Kva ord forstår folk flest? Kva er ei god setning? Kjem meininga med dette brevet klart fram?

Ikkje alle jobbar vert utlyst på Jobbnorge eller Finn. Difor oppfordrar Mari alle til å vere kreative, aktive og pågåande når ein søker jobbar.

– Ta kontakt med arbeidsplassar der du har lyst til å jobbe. Bruk nettverket ditt og ver oppsøkande. Skriv opne søknader og meld interesse! Om du ikkje skulle få napp med ein gong, hamnar du i det minste på arbeidsgjevar sin radar.   

Ho påpeiker også at det er viktig å halde kontakta med studievener, tidlegare arbeidsplassar og kollegar: nettverk er viktig for ein jobbsøkar – viss ingen veit at du søker jobbar, er det heller ingen som kan tipse deg om relevante stillingar.

Øv deg på å sette ord på kompetansen din!

Mari gjorde grundige forundersøkingar av jobbane ho søkte på. Ho sette seg inn i kva personane til stillinga skulle gjere, og ringte dei ansvarlege for å få meir informasjon.

– Stillingsannonsane er ofte laga av folk som jobbar i personaleininga, så ein bør ringe til kontaktpersonane som står oppført i annonsa, det er dei som veit kva arbeidsoppgåvene eigentleg går ut på. Deretter er det viktig å skrive ein god, tilpassa søknad, fortel ho.

Vegen går ofte i ei anna retning enn ein trur. Du har ein grad, men ikkje eit yrke, og det kan vere vanskeleg å setje ord på det du kan. Difor er det viktig å øve på å beskrive kva du kan etter å ha fullført utdanninga.

– Spør deg sjølv kva du eigentleg kan, og prøv å vise korleis desse eigenskapane er nyttige i jobben du søker på. Våg å skryte av deg sjølv, du kan meir enn du trur. Du er ung, du forstår internett og digitale verktøy. Og vær fleksibel, hiv deg rundt om du får napp, og ikkje ver så bekymra – du har evnen til å lære fort, meiner Mari bestemt.

– Arbeidsmarknaden kan vere vanskeleg, og konkurransen om jobbane hard. Førebu deg på avslag, og ikkje ver for hard mot deg sjølv. Det ordnar seg før du veit ordet av det, men det krev at du brukar både tid og innsats på det.