Hjem
Det humanistiske fakultet

Kvalitetssikring av utdanninga

Studiekvalitet ved Det humanistiske fakultet.

Fire studenter diskuterer over notater
Fakultetet og fagmiljøa har eit felles ansvar for at kvalitetsarbeidet i utdanningane vert følgt opp.
Foto/ill.:
Eivind Senneset

Hovedinnhold

Alle studia ved Det humanistiske fakultet skal vere i samsvar med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssystem for utdanning, sjå systembeskrivelsen.

Fakultetet og fagmiljøa har eit felles ansvar for at kvalitetsarbeidet i utdanningane vert følgt opp. Kvalitetssystemet skildrar både årlege og sykliske prosessar.

Særleg viktige prosessar er:

Eigenvurdering (årleg)

Emneansvarleg har ansvar for at det vert utarbeidd ei kort, skriftleg eigenvurdering etter at eit emne har blitt undervist. Eigenvurderinga skal gjerast seinast ved semesterslutt. Eigenvurderinga skal sendast programstyret for det studieprogrammet som emnet tilhøyrer.

Ei eigenvurdering bør innehalde:

  • Kort skildring av undervisningsopplegget som er gjennomført i semesteret
  • Vurdering av undervisninga, gjerne med innspel frå andre førelesarar
  • Eventuelle studentevalueringar
  • Eventuelle kommentarar til pensum og aktuelle endringar i emnet

Programvurdering (årleg)

Programstyra har ansvar for at det kvart år vert utarbeidd ei kort, skriftleg eigenvurdering av programmet. Programvurderinga byggjer på eigenvurderingane som dei emneansvarlege har levert inn. Programvurderinga dannar grunnlag for studiekvalitetsmeldinga som institutta og sentra skal levere til fakultetet kvart år.

Emneevaluering (kvart 3. år)

Alle emne skal evaluerast grundig éin gong minst kvart 3. år. Programstyra har ansvar for at det ligg føre ein plan for treårig evaluering og dei emneansvarlege har ansvar for gjennomføring av evalueringa. Ei treårig emneevaluering skal inkludere studentevaluering.

Evalueringa skal samanfattast i ein emnerapport som m.a. skal innehalde:

  • Emneansvarleg sine eigne vurderingar av undervisninga og eksamen i emne
  • Vurdering av forventa og oppnådd læringsutbyte
  • Samandrag av viktige punkt i studentevalueringane
  • Skildre oppfølging av evalueringa og eventuelle tiltak

Emnerapporten skal handsamast i programstyret og ansvarleg grunneining og skal publiserast i Studiekvalitetsbasen saman med ein plan for korleis rapporten skal følgjast opp.

Programevaluering (kvart 5. år)

Fakultetet har ansvar for å lage ein plan for systematisk gjennomgang av fakultets studieprogramportefølje med angitt år for programevaluering av dei enkelte studieprogramma.

Programstyra har ansvar for å gjennomføre programevaluering av sine studieprogram minst kvart 5. år. Programevalueringa skal behandlast av fakultetet sin studiekvalitetskomité som skal vurdere om den kan tilrå reakkreditering av studieprogrammet. Tilrådinga frå komitéen skal behandlast i fakultetsstyret som tek endeleg avgjerd om reakkreditering.

Programevalueringa skal minst omfatte ei vurdering av om føresetnadane i studiekvalitetsforskrifta §§ 3-1 til 3-3 og studietilsynsforskrifta sitt kapittel 2, også § 4-1 (3), er dekka i studieprogrammet, m.a. krav til akkreditering av studietilbodet og krav til fagmiljøet sin kompetanse og størrelse.

Programevalueringa skal i tillegg innehalde ei vurdering av gjennomføring, fråfall, kandidatproduksjon, læringsmiljø, grunngjeving for val av emne og for val av undervisnings- og vurderingsformer og korleis eventuelle nasjonale rammeplanar og retningsliner for studia vert følgde. Evalueringa skal i tillegg skildre arbeidslivsrelevans, praksis, internasjonalisering, læringsutbytet og samarbeid med ekstern fagfelle.

Her er ei oversikt over kva år programma ved fakultetet skal evaluerast:

Bachelorprogram

ÅrStudieprogram
2020Retorikk
2020Kinesisk
2020Japansk
2020Allmenn litteraturvitskap
2020Kjønnsstudium
2021Kulturvitskap
2021Italiensk
2021Russisk
2021Filosofi
2021Digital kultur
2021Arabisk
2022Religionsvitskap
2022Historie
2022Fransk
2022Tysk
2022Klassisk filologi
2023Arkeologi
2023Spansk språk og latinamerikastudium
2023Kunsthistorie
2023Teatervitskap
2024Nordisk språk og litteratur
2024Norrøn filologi
2024Norsk som andrespråk
2024Språkvitskap
2025Engelsk

Masterprogram

ÅrStudieprogram
2020     Allmenn litteraturvitskap
2021Historie
2021Italiensk
2021Russisk
2021Filosofi
2021Digital kultur
2022Fransk
2022Tysk
2022Latin
2022Gresk
2023Kulturvitskap
2023Religionsvitskap
2023Spansk språk og latinamerikastudiar
2023Kunsthistorie
2023Teatervitskap
2024Arkeologi
2024Nordisk språk og litteratur
2024Norrøn filologi
2024Lingvistikk
2025Engelsk
2025Erfaringsbasert master i undervisning med fordypning i engelsk
2025Erfaringsbasert master i undervisning med fordypning i norsk
2026Berekraft
2026Religiøse minoritetar
2027Kinesisk

Lektorprogram

ÅrStudieprogram
2024     Lektorutdanning med master i historie eller religionsvitenskap
2024Lektorutdanning med master i fremmedspråk (engelsk, fransk, spansk eller tysk)
2025Lektorutdanning med master i nordisk

Studiekvalitetsmelding (årleg)

Institutta og sentra skal årleg skrive ei studiekvalitetsmelding til fakultetet. Grunnlaget for desse meldingane er eigenvurderingane på emne- og programnivå.

Meldingane vert m.a. følgde opp i dialogmøta som fakultetet gjennomfører med grunneiningane årleg.

Universitetsleiinga sender årleg bestilling til fakulteta med tidsplan og konkretisering av kva fakulteta skal omtale i sine studiekvalitetsmeldingar. Fakultetet si studiekvalitetsmelding baserer seg på grunneiningane sine meldingar og referat frå dialogmøta og samanfattar fakultetet sitt samla utdanningstilbod og planar for oppfølging av studiekvalitet. Studiekvalitetsmeldinga frå fakultetet vert behandla i fakultetsstyret.

Universitetsleiinga gjennomfører dialogmøte med fakulteta. Referat frå dialogmøta saman med fakultetet si utdanningsmelding inngår i grunnlaget for  UiB si studiekvalitetsmelding som vert behandla i universitetsstyret.

Ekstern fagellevurdering

Alle studieprogram ved Det humanistiske fakultet skal ha ein ekstern fagfelle. Ekstern fagfelle har særskilde oppgåver knytte til evaluering av studieprogram. Ein ekstern fagfelle ved HF skal ha brei undervisningserfaring, normalt vere vitskapleg tilsett ved ein høgare utdanningsinstitusjon og ha førsteamanuensiskompetanse.

Fakultetet oppnevner ekstern fagfelle etter tilråding frå programstyret. Programstyret og instituttet utarbeider ein kontrakt som fastset den eksterne fagfellen sine oppgåver og vilkår. Ekstern fagfelle vert normalt oppnevnt for fire år.

Ekstern fagfelle skal få utlevert relevant informasjonsmateriale, t.d. eigenvurderingar for emne, aktuell student- og eksamensstatistikk og døme på eksamenssvar. Ekstern fagfelle kan sjølv be om ytterlegare dokumentasjon.

Ekstern fagfelle leverer ein årleg, skriftleg rapport til programstyret som gir ein skriftleg kommentar til rapporten. Rapport og kommentar blir deretter behandla i studiestyret ved fakultetet. Rapportar frå eksterne fagfellar er del av grunnlaget for institutta sine årlege studiekvalitetsmeldingar og i programevalueringar. Rapportane frå eksterne fagfellar skal publiserast i Studiekvalitetsbasen.

Vi viser også til Retningslinjer for eksterne fagfeller ved Universitetet i Bergen