Hjem
Det juridiske fakultet

Landslovsprosjektet 2014-2024

Prosjektet har som overordna mål å utforska Kong Magnus VI Landslov av 1274 for å gje ny kunnskap og nye perspektiv til denne.

Landslova - Ei samlande lov for Noreg

Presentasjon av Landslovsprosjektet 2014-2024
Produsent:
Dragefjellet lærings- og formidlingssenter

Hovedinnhold

I 2024 er det 750 år sidan kong Magnus VI Lagabøter gav Landslova for hovuddelen av sitt norske rike. Trass i at lovverket var eit storverk i Europa i si samtid, at lovboka var viktig for å skapa staten Noreg, og er interessant i høve til dagens rettsutvikling i Europa, er Landslova ganske uutforska. Landslovsprosjektet 2014–2024 skal bøta på dette.

Ei årsak til at Landslova er ganske uutforska, er at ein ikkje har sett kor spesiell den er i europeisk rettshistorie. Landslova er ei av få lovbøker gjevne i Europa i høgmellomalderen, var kjernen i den storstilte norske lovgjevinga på 1270-talet, fekk ei levetid på over 400 år, var det mest utbreidde verdslege verket i Noreg i mellomalderen med kanskje eitt handskrift per 1200 innbyggjar, vart mykje nytta i praksis, og var byrjinga på ein norsk lovgjevingstradisjon som strekkjer seg like fram til i dag.

Ei anna årsak til at Landslova er lite forska på, er at ein har sett på den som eit naturleg framhald av ein norsk lovgjevingstradisjon. Men det er med Landslova av 1274 at lovgjeving vert ein sentral del av norsk rett. Det er vidare med Landslova at den norske statsmakta vert konstituert, og den er eit viktig bidrag til å byggja og oppretthalda ein norsk identitet.

Ein grunn til å forska på Landslova, er at den kan gje nye perspektiv på overgangen til ein transnasjonal statsform. Det er ikkje fordi det er ein parallellitet mellom det norske riket i mellomalderen og den transnasjonale statsforma som veks fram i Europa i dag, men fordi kunnskap om Landslova frigjer ein frå dei tankemessige rammene som følgjer av den nogjeldande statsforma med røter i Grunnlova av 1814.

Kjerneaktiviteten i Landslovsprosjektet 2014-2024 er gjennom tverfagleg forsking og formidling å utforska den europeiske og norske rettshistoriske konteksten for Landslova av 1274.