Hjem

Det juridiske fakultet

GOVLAND - Rettsleg styring ved miljø- og arealplanlegging

Forskingsprosjektet GOVLAND ser på rettsleg styring av tilhøvet mellom nasjonal og kommunal kompetanse i arealforvaltinga. Prosjektet ser også på private aktørar si rolle, og samspelet mellom offentleg og private aktørar ved arealplanlegging og utbyggingsavtalar.

Plankart
Plankart

Den rettslege reguleringa av kommunal arealplanlegging, tolkinga av regelverket og den daglege forvaltninga av det, kan få stor innverknad på levevilkår, infrastruktur og berekraft. Kva krav set rettsreglane for å sikre effektive og kunnskapsbaserte avgjerdsprosessar, og korleis vernar rettsreglane lokaldemokratiet i ei tid prega av europeisering, globalisering, privatisering og klimautfordringar?

Spørsmålet om demokrati og effektivitet i samband med kommunal arealforvaltning reiser to hovudproblemstillingar, som skal studerast i seks delprosjekt. Den første utfordringa gjeld samspelet mellom kommunalt sjølvstyre og statleg styring og kontroll, og den andre gjeld tilhøvet mellom offentleg og privat initiativ og forvaltning.